mandag 30. november 2015

Eg veit ikkje om eg er klar

Eg veit ikkje om eg er klar
klar til å ta heilt farvel
sjølv om kroppen min kjennest litt rar
og eg ser at det stundar mot kveld
Minna dei skimrar så klåre 
i dei bur det stemmer som ler
så susar dei vekk og avgårde
og eg sit åleine att her


Heilt til nokon bankar på døra
inn kjem det store og små
dei fyller opp rommet med kjærleik
som eg ikkje vil reisa i frå
Men etter ei stund er eg trøytt
og vinkar og klemmer og smilar
blunkar vekk tårer som kjem
når eg går inn att og kvilar

I godstolen under eit teppe
kjem minna att sigande på
dei fleste er gode og fine
og då vert det hardt å forstå
at eg snart fer frå alt dette
men vent litt, eg kjenner ei hand
ei trygg ei, ei god ei, den rette
som skal leia meg fram til sitt land


Eg ser Han, og trur, slik eg gjorde
då eg var lita og trygg
me fylgjer det opptrakka sporet
snart frisknar min krumbøygde rygg
Og beina går spenstige, lette
i magen eg kjenner eit bål
av varme og kjærleik og lengsel
så når me vårt heilage mål


(c) Kristin S. Audestad


Dette skreiv eg nokre månadar før farmor døydde. Hadde eigentleg tenkt å skriva eit oppmuntringsdikt til ho, som ho kunne få. Men det var dette som kom, og det eigna seg i grunn ikkje til å gje til ho i den perioden, då var det framleis for sårt og vanskeleg for ho å tenkja på kva veg det gjekk, trur eg. Så gløymde eg heile diktet, men fann det att no når eg ikkje fekk sova. Så eg hiv det no ut, så det kanskje kan få ein eller annan misjon utanfor harddisken her på dataen.  


Eg har ikkje slutta å skriva forresten, eg er berre litt slaurete sånn bloggmessig... Håpar de som er innom har ei fin adventstid framover! Her har forkjølinga bite seg godt fast, men eg håpar ho tar ferie til jul...