onsdag 5. oktober 2016

Steinane

då eg rydda i tinga
etter farmor
fann eg ei krukke
inni den låg
fem runde steinar

eg lurar på kvar
ho fann dei
kvifor plukka ho
akkurat dei
minna dei ho om noko
eller var dei berre fine?

ho kan ikkje svara lenger
men eg tek vare på 
steinane til farmor
så dei kan minna meg om 
kor glad eg var i ho

© Kristin Straume Audestad

Det er eit eller anna trygt med steinar. Eg trur det har å gjera med at dei er ganske uforanderlege, sånn i det korte løp i hvert fall. Ja, dei kan forvitra, og ja, dei kan endra forma når dei t.d. ligg lenge i ei elv, og ja, dei kan sprengjast og knusast. Men legg du ein stein på peishylla di, skal det noko til at den endrar seg noko særleg. Steinar kjennest stabile. Og det er steinar overalt. Steinar kan vera fine å plukka med seg, som minne om ulike stadar, eller berre fordi dei ser fine ut. 

Då me i fjor gjekk gjennom tinga etter farmor og farfar, var det ikkje så mykje der eg kjende noko behov for å ha sjølv. Det meste av pyntegjenstandane tippar eg at dei hadde fått som gåver. Men når eg fann nokre fine runde steinar, tenkte eg at desse hadde farmor plukka sjølv. Ho hadde valt dei ut for ein grunn. Eller kanskje fått dei av nokon ho var så glad i at ho måtte spara på dei. Sjølv om dei berre var steinar, og ikkje verdt nokon ting. Eg syntest det var fint å ta vare på steinane for farmor, og no har eg dei til pynt saman med steinar eg sjølve har samla, i ei glaskrukke på stovebordet.   

I dag var det gravferd for ei eldre grandtante av meg. Ho samla ikkje på steinar (som eg veit), men var veldig flink med blomar, og ho hadde halde i live ei pelargonia-slekt som hadde vore i familien i generasjonar. No har yngre folk i familien overteke blomane, og dyrka fram endå nye eksemplar. Menneske som var glad i ho, og set pris på røtene sine, viser det ved å ta vare på noko som var viktig for ho. 

Noko av det som kan setja dei fleste familiar på prøve, er når nokon døyr, og tinga/pengane til denne personen skal delast mellom gjenværande familiemedlemmar. Nokon er mest opptekne av ting som er verdifulle, nokon er mest opptekne av pengane, nokon er mest opptekne av eigedommane, nokon er mest opptekne av kva dei ikkje vil at dei andre skal ha, og nokon held seg i bakgrunnen og tør ikkje seia kva dei eigentleg ynskjer å ta vare på kun for å bevara minnene dei delte men den som er borte. Det kan verta uverdig. Det kan verta stygt. Og det kan øydeleggja familiar. Det er så synd at det er slik, for kva er eigentleg viktigast? Ting og pengar, eller relasjonane til dei ein deler røter, blod og minner med? 

For meg er familie trygt. For meg er familie meir enn dei eg bur i hus med. Det er storfamilien. Det er tremenningar eg møter ofte, det er grandonklar eg ser ein sjeldan gong, det er tanter eg snappar med og (i alle fall nesten-)svigerinner eg fjasar med. Det er dei som eg fylgjer med på, ber for, som har raka dei same bakkane som meg, som har klemt dei same rynkete kinna som meg, som får tårer i augene av dei same orda eg sjølv får tårer i augene av. Dei kjem i mange ulike utgåver, men dei har det til felles at eg likar dei og bryr meg om dei, fordi me er i familie. Og eg trur dei likar meg òg, på trass av rotete hus, dårleg oppmøte på fellesdugnadar, og resten av dei dårlege sidene mine. Fordi me er familie. 

Eg trur alle treng ein familie å høyra til, som ein kan vera saman med utan å lata som ein er nokon andre enn ein er. Som ein kjenner seg trygg på. Alle kjenner det nok ikkje slik i forhold til sin familie, men det er i alle fall slik ein familie bør fungera. Og dei som ikkje har det slik med familien sin, håpar eg har eit nettverk med vener som ein kjenner det slik med. (Då slepp ein det der arvegreiene òg, men det kan samtidig vera lettare å "melda seg ut" av nettverket utan at nokon prøver å hanka ein inn att, reknar ein med, tenkjer på ein, fordi ein deler felles røter. )

I forhold til familie, bør i hvert fall ikkje kor mykje, eller kva, ein arvar ha noko å seia. Det viktigaste er at slikt føregår i ordna formar, at ting med affeksjonsverdi hamnar hjå nokon som bryr seg om dei, og at ein kan ha gode relasjonar også i ettertid, uansett om det vart gjort ting ein meiner er feil. For storfamilie og røter er nok viktigare enn mange trur! Berre sjå på "Alt for Norge", kor bevega desse norskamerikanarane vert når dei besøkjer garden som til dømes tipp-oldefaren reiste frå for hundre år sidan... 

2 kommentarer: