fredag 14. oktober 2016

Du trur eg ikkje ser det

Du trur eg ikkje ser at du ligg vaken
Du trur eg ikkje ser du manglar gnist
Du trur eg ikkje ser det tause skriket
Du trur eg ikkje ser at du er trist
Du trur eg ikkje ser det
men eg gjer det

Eg ser og anar, men eg skjønar ikkje
korleis det må kjennast inni deg
når verda som du kjende brått har rakna
og dei som du er glad i berre dreg
Eg veit ‘kje heilt kva eg skal til deg seia
for ingenting vil hjelpa likevel
Så havnar me jo støtt i same leia
og kjeftar på kvarandre seine kveld

Du trur eg ikkje ser at du ligg vaken
Du trur eg ikkje ser du manglar gnist
Du trur eg ikkje ser det tause skriket
Du trur eg ikkje ser at du er trist
Du trur eg ikkje ser det
men eg gjer det

Eg ser det på deg når du er så sliten
at du lurar på korleis det går
Eg ser det når du manglar siste biten
av eit puslespel du ei forstår
Du knyt nevar heilt til knokar kvitnar
allting rundt deg kjennest forsvarslaust
fastheita i kjeven din den vitnar
om ein indre kamp du kjempar taust

Du trur eg ikkje ser at du ligg vaken
Du trur eg ikkje ser du manglar gnist
Du trur eg ikkje ser det tause skriket
Du trur eg ikkje ser at du er trist
Du trur eg ikkje ser det
men eg gjer det

Eg huskar at du vakna ut av draumen
smilte litt, men sakte du forsto
atter kom den såre tåreflaumen
Marerittet ditt det hende no
Framleis trur eg nok at det vil verka
såret gror vel aldri heilt igjen
Men, eg synest at eg no kan merka
at du blir deg sjølv att, smått om senn

© Kristin Straume Audestad

Sorgarbeid er noko herk. Og det er jo sjeldan noko ein er gjennom åleine, som regel er ein fleire som har opplevd eit vondt tap, og sørgjer. Men så sørgjer ein jo på ulike måtar, og så er det ofte ulikt kor langt ein er komen i prosessen, og kor nært ein var den som er vekke. Den som var nærast, vil nok mest naturleg sørgja lengre og djupare enn den som ikkje var like tett på, sjølv om det ikkje alltid treng vera slik, det har jo òg med personlegdom å gjera, og kva "bagasje" ein har frå før.  Det kan uansett vera spesielt vanskeleg i eit parforhold der den eine opplever tap i nær familie, og tek dette svært tungt. Den andre, som ikkje var så nært den som er død, vil sjølvsagt prøva å forstå korleis partnaren har det, men utan å ha opplevd eit tilsvarandre tap sjølv, er det vanskeleg å forstå fullt ut.

Det kan òg verta slik at den i forholdet som ikkje har lidd tragiske tap i sin familie, føler at den ikkje kan sørgja like mykje, eller kan vera lei seg for eigne tap eller problem, for det vil jo uansett ikkje matcha partnaren si sorg. Det blir jo ikkje heilt riktig det heller, på ein måte. I alle fall ikkje når det har gått ei stund. Så eg trur det er veldig viktig at ein etter kvart klarar å snakka om dette, at begge set ord på det som er vanskeleg. Og at den som sørgjer mest får profesjonell hjelp til å takla det, for ein profesjonell har mykje større føresetnadar for å forstå kva prosess den sørgjande er inne i, og hjelpa den å koma vidare. Ein partnar skal vera tålmodig og raus, men samtidig er det viktig at den sørgjande forstår at det han/ho sjølv går gjennom, er ikkje lett å setja seg inn i om ein ikkje har opplevd det sjølv.

Må  berre skriva tydeleg her, for de som kjenner meg, at sjølv om me har opplevd noko liknande i vår familie, er ikkje alt det eg skriv over sjølvopplevd, eller basert på vår historie... Det er det vanskelegaste når eg skriv slike ting, for eg vil jo ikkje utlevera familiemedlemmar, så eg skriv jo sjeldan ting akkurat slik dei er, og prøver gjerne å skriva det ganske generelt. Men så er det så lett at folk kan ta meg heilt bokstaveleg og tru at alt eg skriv gjenspeglar realiteten. Eg for min del har ikkje noko problem med å vera ganske open om det meste, eg synest folk burde vore meir opne generelt, og tenkjer at til meir ekte og ærleg ein er med seg sjølv og andre, til betre er det. Men eg kan ikkje rekna med at alle i familien har det same synet, og prøver difor å halda litt tilbake/skriva litt om på ting, når eg skriv ting som involverer dei. Dette er litt av grunnen til at eg no legg bloggen på is, for det er så bale å prøva å skriva ekte og ærleg, og samtidig ikkje for utleverande.

 Då me opplevde eit vondt tap i vår familie, tok det eit år før eg kunne kjenna skikkeleg på mi eiga sorg over den som var borte, fordi eg var nødt til å stå støtt og halda hovudet over vatnet og familien i gong, medan mannen sørga. Då eg endeleg byrja å kjenna etter korleis eg sjølv tok tapet, vart det gjennom skrivinga eg bearbeida det, og det var då eg starta denne bloggen. Eg fann etter kvart eit fint bloggfellesskap, men var ganske anonym, heilt til ei dame eg kjende godt døydde, og eg skreiv eit minnedikt om ho på bloggen. Det var ganske spesielt for eg hadde skrive melding til ho og fortalt ho om bloggen same dagen, ho gleda seg til å gå inn og lesa, men så vart neste dikt eit minnedikt om ho, som døydde brått og så altfor tidleg. Minnediktet vart delt av ein del, og etter det visste nok ein del kjentsfolk og bygdefolk om bloggen.

Det har (diverre) vorte fleire minnedikt etter kvart, og det er også desse som er det sterkaste og beste dikta mine, trur eg. Fordi dei er skrive med tårer i augene, mest for at eg sjølv skulle forstå og ta inn over meg kva som eigentleg hadde skjedd. Og dikt som er skrive med tårer i augene, får gjerne fram tårene hjå andre òg, noko eg trur er veldig sunt. Så har det blitt dikt om mammalivet, husmorlivet (eg er fortsatt elendig til det), naturen, og sorger og gleder elles. Eg skreiv etter kvart sjeldnare og sjeldnare, men etter desember i fjor har eg skrive oftare igjen. Det var nok mykje fordi eg i desember hadde min eigen adventskalender der eg skreiv eit dikt til eit familiemedlem/ein ven kvar dag, og dermed kom godt i gong igjen med skrivinga. Men det var nok òg på grunn av ei tragisk hending her i bygda, som eg var nødt til å bearbeida med ord, og dei orda delte eg her etter kvart som dei kom, fordi eg håpte dei kunne hjelpa fleire.

No har eg skrive ganske jamnleg, det har vel sjeldan gått meir enn eit par veker mellom kvar gong. Det har vore kjekt, men for kvart dikt eg publiserer, blir eg både heit og kald, og lurar på om eg har formulert meg feil, og om folk skjønar kva eg meinar. Av og til tenkjer eg at det er så lite poetisk det eg skriv at det knapt kan kallast dikt. Og så blir eg flau når eg føler eg kanskje har vore for utleverande.  Og så blir eg flau når eg blir flau, for det er jo ikkje akkurat så mange som les dikta uansett. Og så blir eg flau for at eg sjekkar litt for ofte kor mange som har trykt liker. Og så vil eg ikkje driva å skriva ting berre for at folk skal lika det. Eg vil heller skriva for at folk skal lika, og vera trygge på, seg sjølv, og forstå både seg sjølv og andre betre.

Eg sluttar ikkje å skriva, men eg trur akkurat bloggen har utspelt si rolle, i hvert fall for ein periode (har lært å ikkje vera for bastant, då blir det så flaut å gå tilbake på ting...). Har fleire dikt på lager, men får sjå om eg får dei ut i eit anna format. Lurar på å gje ut nokre små temabøker med dikt frå bloggen (og nokre nye dikt) for spesielt interesserte, men blir i så fall i eigen regi, sånt der forlag-greier var litt mykje stress, og lite betalt. Og for deko som saknar å lesa dikta mine innpå her: det ligg 474 innlegg her på bloggen, så det skal vera nok lesestoff for ei stund! ;) Du finn dei i arkivet, nederst i høgre kolonne.

Takk for fylgjet, alle som har vore inne her og lest! Som har støtta meg, kome med oppmuntrande og gode kommentarar, og de som i si tid kjøpte boka eg gav ut. Som har grine med meg, og ledd med (og av) meg. Kjende og ukjende. Venar og familie. Eg har sett stor pris på alle tilbakemeldingar eg har fått på det eg har skrive! Herlighet, dette vart kanskje litt store ord, det er jo ikkje noko voldsomme greier det her. Men men, eg er visst i modus for slikt i kveld. Om eg byrjar å skriva og publisera ein annan stad, skal eg gje ein lyd om det her på bloggen. Klem frå meg!

2 kommentarer:

  1. Takk for alle dikta du har delt med oss <3

    SvarSlett
  2. Takk for alle dikta du har delt med oss <3

    SvarSlett