søndag 9. oktober 2016

Flaumen

har kjent at det byggjer seg opp ein flaum
og ventar no på at dei kjem i ein straum
som bløyter mitt kinn og saltar min munn
tårer som fløymer fram  heilt utan grunn

jo, grunnen finst kanskje ein stad inni meg
eit undertrykt sakn som forsvann langs ein veg
eit glimt av eit håp som heilt plutseleg brast
ei hand som eg glapp då eg sku` halde fast

den dagen det absolutt slett ikkje passar
i tårer og sjølvmedynk eg sakte vassar
eg slit med å finna ei meining med alt
og nedover nakken så isnar det kaldt

men så er det slutt, like brått som dei kom
så vender jo tårene stillferdig om
hovudet dunkar og kroppen er rar
mens eg oppgitt funderer på kva det der var

Kristin Straume Audestad

Ja, eg har nokre slike grinedagar innimellom. Når alt er gale, utan at eg eigentleg kan setja fingeren på noko konkret. Tippar det heng saman med søvnmangel og hormonar og slikt, saman med låg sjølvkjensle og ubearbeida greier. Slike dagar tar eg på meg hettegenser og ser i bakken når eg er på butikken, småredd for å bryta ut i hikstegråt om nokon ser på meg med snille auger og spør korleis eg eigentleg har det. For eg har det jo som oftast bra, det berre kjennest ikkje slik ut på dei dårlege dagane.

Då kjenner eg meg som ei elendig mor, ei elendig kone, ei elendig søster, ei elendig husmor, ein elendig nabo, og så vidare, du skjønar teikninga. Og i staden for å prøva å gjera noko aktivt med å endra på det, grev eg meg berre meir ned i mismotet. Supert. Eg har jo ikkje eigentleg lyst til å gå rundt og synast synd på meg sjølv, det er jo i grunn ganske patetisk, når ein tenkjer på kor mange vonde skjebnar det finst rundt her i verda, og kor heldig eg eigentleg er. 

Eg skriv ikkje dette for at du som les skal synast synd på meg. Eg skriv for at du kan le litt av meg, elles nikka gjenkjennande, eller kanskje få litt innsikt i korleis nokon av oss menneske fungerer. For eg trur heldigvis ikkje alle er slik som meg. Men at det er fleire enn meg som har dritt-dagar innimellom, trur eg nok. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar