tirsdag 11. oktober 2016

Opp og fram



tunga mi er halvvegs lam
kragen min er altfor stram
handflata er kald og klam
alle messar :  opp og fram
i meg syng ein melodi
om ein annan teori

i opninga i skogen
av krokefurutre
ligg vatnet som ein spegel
og skogen angar fred
på bålet som eg lagar
av bleik og gamal ved
der putrar kaffekjelen
eg kjenner noko skje

tunga mi er halvvegs lam
kragen min er altfor stram
handflata er kald og klam
alle messar :  opp og fram
i meg syng ein melodi
om ein annan teori

ved steinstranda i fjøra
der sit eg heilt i ro
ser bølgjedansen virvla
når måsar varslar flo
det trygge bølgjesuset
er inni meg òg no
den vesle tankespira
får næring og kan gro

tunga mi er halvvegs lam
kragen min er altfor stram
handflata er kald og klam
alle messar :  opp og fram
i meg syng ein melodi
om ein annan teori

på snaufjellet i sola
eg pustar roleg inn
let lyng og turre grasstrå
få friska opp mitt sinn
dei himmelblåe fjellvatna
med krus av haustleg vind
er ramma inn i brunt og raudt
det her er staden min

eg skal ikkje opp og fram
eg er ikkje lenger lam
eg vil berre vera her
kjenna at eg lever, er
sansa det me lever i
tenkja, takka, vera fri

© Kristin Straume Audestad

Eg har ei stund prøvd å skriva songtekstar. Problemet med songtekstane mine er at dei blir ofte litt for "korrekte" og "klisjè-ete". Men eg kan jo seia at eg likar å seia ting slik dei er, på ein enkel og skildrande og fornuftig måte. Då blir det jo ikkje så veldig originalt, men må alt vera så originalt heile tida?

 Denne handlar jo då om å bryta av frå dette prestasjonsmaset, og heller oppsøka naturen. I naturen finn ein gjerne meir tilbake til røtene sine igjen, ein får tid til å tenkja, og ein kan bruka alle sansane sine. Eg føler (når eg skreiv dette, såg eg for meg at nokon himla med augene over dei to fyrste orda i denne setninga, men uansett...) at eg kjem både nærare meg sjølv og Gud når eg er i naturen. 

Om eg skal forlenga livet ditt litt (få deg til å le...), kan eg fortelja om min (kanskje ikkje så..) hemmelege draum om å skriva tekstar for Odd Nordstoga eller Ingebjørg Bratland. Tekstane mine er nok for lite poetiske, for lite djupe og ikkje gode nok for dei, men de veit, ein draum er no ein draum, og av og til gjer ein jo eit forsøk på å gjera den til verkelegheit (orsak norsklærarar; røyndom). Så då eg var på konsert med Oddn for snart eit år sidan, gjorde eg eit lite stunt for meg sjølv. 

Eg kom på det midt på natta før konsertdagen. Og det eg kjem på midt på natta, kan slå begge vegar. Anten kan det vera verkeleg gode idèar... eller det motsette. Eg sette meg i hvert fall til å skriva eit brev då, til han Ødd. Og så la eg ved nokre heilskrivne og halvskrivne tekstar eg meinte kunne passa han. Dette brevet sneik eg bort til ei dame som hjalp han då han signerte cd-ar og slikt etterpå. 

Etterpå var eg VELDIG flau, spesielt då eg kom på brøkdelar av det eg hadde skrive i brevet (eg teipa det jo igjen midt på natta så eg ikkje skulle lesa kva eg hadde skrive og ombestemma meg). I etterkant har eg ikkje turt å sjå intervju med han, for eg er så redd for at han skal nemna det der brevet om nokon spør han om "gale fans". Han har sjølvsagt ikkje tatt kontakt etterpå, noko eg heller ikkje forventa då eg las gjennom det eg hadde skrive i ettertid (nei, eg gjengjev det ikkje her, litt sjølvrespekt har eg då att...). Jaja, håpar han fekk seg ein god latter i alle fall, og at de òg fekk det no... 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar