fredag 29. januar 2016

Sak VS person

Eg er meg og du er deg, me tenkjer ikkje likt
om eitt og hitt og datt og ditt, og det er inga plikt   
å vera samd i alle ting - me er då menneske
det viktigaste er at me kan leva her i fred

Store ting for meg er kanskje bittesmå for deg
Det du så set høgast kan jo vera fjas for meg
Likevel så kan me leggja sak og meining vekk
når me møtest ute, for me drikk av same bekk

Å berre vera saman med dei som ein syns har rett
det er i lengda kjedeleg, sjølv om det kjennest lett
ein diskusjon som røskar opp er heilt orden viss
ein ikkje berre tenkjer at den andre pratar piss

Kunsten er å lytta godt og vera interessert
i kva den andre seier når han pratar engasjert
og skjøna at om enn du syns det verkar ganske sprøtt
så er det bra at du har han med toleranse møtt

Sjølv om nokon meinar noko som er ganske rart
er han ikkje rar og dum - det vil du ha erfart
om du klarar skilja ut personen frå si sak
og ser det fine mennesket som gøymer seg der bak!

© Kristin Straume Audestad

Faren min har alltid vore nøye på å læra oss å skilja mellom sak og person. Folk har ulike meiningar om ting, og prioriterer forskjellig. Kva ein tenkjer om ei sak heng blant anna saman med oppvekst, miljø og erfaringar ein har gjort seg. Men uansett kva ein måtte meina om det den andre meiner, og uansett kor ueinige ein er, er det viktig å likevel kunna slå av ein prat når ein treffest og kunna omgåast utan at ein gjev kvarandre ei kald skulder og stygge blikk! Personen kan vera flott sjølv om ikkje du synest alt han eller ho meiner er heilt innanfor det du tenkjer. Eg hadde i alle fall gått glipp av mange fine bekjentskap/vener om eg kategorisk berre skulle forhalde meg til dei som delte synspunkta mine. Dessuten trur eg det er få eg er einig med i absolutt alt ;) 

Prøv gjerne å forstå, og set deg inn i kvifor den andre meiner og handlar slik den gjer. Etterpå kan du presentera kva du meiner, viss det er viktig for deg å få fram di side. Gjer det i så fall utan å snakka ekstra høgt eller bruka trugande kroppspråk, dette er hersketeknikkar, og sånn skremselsgreier fører lite fram i lengda. Trur ein har mykje større sjans for å få forståing for sitt perspektiv på saka om ein legg det fram på ein ryddig måte, sjølv om det kan vera vanskeleg viss saka er ekstra viktig for ein. Kanskje ein kan bli overraska over at ein faktisk er litt einig med den andre, når den legg fram synet sitt? Det kan vera fint å få innsikt i tankane til ein annan. Me menneske har ein lei/naturleg tendens til å forstå verda berre ut frå vårt eige hovud, men ein ser kanskje annleis på ting om ein set seg inn i andre sine tankar, og også er nysgjerrig på personen bak meiningane. Det er ikkje lurt å berre stå bom fast på si eiga side utan å rikka seg ein tomme for å sjå saka frå ein annan vinkel.

Det er også stor skilnad på å seia at det den andre meiner/gjer er dumt, og å seia at personen er dum! Kjempeviktig å skilja mellom dette, og det bør ein jobba med å læra borna sine også. . Om ein seier at noko var dumt sagt/gjort, er det ikkje noko angrep på personen, men ei meining om det personen har sagt (lurare å uttrykkja i greie ordelag kvifor ein synest det var dumt, og ein er uenig…) Om ein seier til nokon at dei er dumme (eller verre ting, fyll inn kva som helst), går det mykje meir på personen, som kan kjenna seg angripen og slengja stygge ting tilbake. Eg pleier å seia til mine små lovande at INGEN er dumme, men at nokon/alle av og til seier og gjer dumme ting. Om ein tenkjer at ein har sagt/gjort noko ein ikkje burde, er det lurt å seia unnskyld, og så er det viktig at dei andre tilgjer dei som angrar... Og elles prøver eg å snakka om at alle er forskjellige, og folk har lov å tenkja annleis om ting enn ein sjølv!

I tillegg er eit tips å tolka dei andre i beste meining. Eg har i alle fall ein tendens til å seia ting som kan koma skeivt ut og mistolkast. Har ein del blemmer som eg framleis blir minna på, eller minner meg sjølv på, med jamne mellomrom… (Etterfulgt av eit oppgitt sukk til meg sjølv) Difor likar eg betre å uttrykkja meg skriftleg enn munnleg, då er det lettare å vurdera om eg får fram det eg meiner på ein god måte, utan å plumpa ut med noko som eg i ettertid ser kan tolkast i negativ retning, sjølv om det absolutt ikkje var meint slik.  (Har ei venninne som ein periode skreiv ned mine fadesar på dette området, men eg håpar desse nedteikningane er forsvunne…)

Til slutt: når eg skriv slike "fornuftige" innlegg, er eg alltid litt redd for at nokon avslører at eg ikkje klarar fylgja min eigen tankegang sjølv. Og neidå, det er ikkje alltid lett å fylgja mine eigne teoriar i praksis, eg skal ikkje lata som eg er perfekt på dette området (heller). Men eg prøver å tenkja over dette, og forbetra meg. Merkar at det er i heimen det er lettast å slengja ut uheldige karakteristikkar om min (u?)heldige utkåra, når eg synest han er heilt på jordet i forhold til kva eg tenkjer. (Sikkert berre hjå oss dette skjer...) Eg har funne ut at det er lurt å ikkje gå inn i diskusjonar når ein eigentleg er trøytt, mykje lettare å snakka nyansert når ein er meir opplagt. Og så prøver eg å seia unnskyld når eg seier noko dumt... Har blitt tilgjeve til no ;)

mandag 25. januar 2016

Om berre

Om berre eg gav deg ein ekstra klem
eller fekk deg av garde litt før
Om berre eg ana at faren var nær
og verna deg trygt bak vår dør
Så ville slett ikkje det vonde ha hendt
Så ville `kje verda gått sund
Eg saknar deg, ynskjer du framleis var her
om enn for ei ørlita stund

---

Om berre eg lytta til det som du sa
og skjøna kva ord som låg bak
Om berre eg visste, om berre eg våga
å sjå at du brått verka spak
så kunne eg spurt deg, og kanskje fått svar
og tilbydd å hjelpa med alt
I all`fall få gjeve deg trøyst og ein klem
og håp når det verkeleg gjaldt

--

Om berre me visste – men det går `kje an
å sjå inn i framtida vår
Likevel syns` eg eg burde ha sett det
og sikra deg dagar og år
Så høyrer eg stemma, så roleg og varm
seia gode og trøystande ord
Eg visste slett ikkje, eg skulle `kje vita
for slik er det her på vår jord

Me vert fødde, me lever i kjærleik ilag
til det er vår tur å gå
uansett korleis og kvifor det hender
om døden er sein eller brå
så kan ein `kje ana når ulykker skjer
og sjukdom i hovud og kropp
kjem snikande, er ofte harde å sjå
heilt til det brått seier stopp

Og når det har hendt, når han ikkje meir er
her saman med oss slik han var
og me saknar han slik, og undrar sånn på
kvifor ikkje me såg kvar det bar
så må me jo aldri ta skulda på oss
for når det no heilt gale gjekk
det var `kje vår feil, for me kunne ei vita
at han skulle snart rivast vekk

Saknet er vondt nok å bera tungt på
om ikkje me òg ber på skuld
Og hadde han hørt oss, han ville ha snøfta
og sagt at det berre var tull!
Sin kjærleik han sender frå der som han er
og ynskjer oss berre alt godt
For han må me reisa oss opp att igjen
og gle oss for det me har fått

© Kristin Straume Audestad

Det er vondt nok å mista nokon, om ikkje ein skal gå og ha skuldkjensle for det i tillegg. Det er likevel lett å gå og klandra seg sjølv for at ein ikkje gjorde det og det –  og tru at ein kunne ha redda personen om ein berre gjorde slik eller sånn. Denne skuldkjensla kan til dømes koma om nokon døyr i ulykker, i forhold til ting ein kunne ha gjort – eller ikkje gjort, som hadde ført til at personen ikkje var på feil stad til feil tid. Men det er jo klart at ein hadde handla annleis om ein berre visste!  

Skuldkjensla vert kanskje ekstra sterk når nokon tek livet sitt. Pårørande til dei som mistar nokon i sjølvmord kan nok få forvarsel, men dei ser ein gjerne ikkje før i etterkant. Det er jo ikkje akkurat noko ein går og tenkjer om dei ein kjenner og er glad i – at dei skal ta eit slikt val. Men psykisk sjukdom kan ramma dei fleste (og beste), og er ikkje noko ein styrer sjølv. Uansett er det i etterkant av eit sjølvmord ikkje noko ein kan gjera for å reversera det, og det er jo klart veldig, veldig vondt for dei som sit att. Men om ein tenkjer over det: trur ein verkeleg at den som er død hadde villa at dei rundt skulle ha det meir vondt enn nødvendig, med å ta skulda på seg? Innerst inne veit ein jo at den ein saknar visste godt kor glad ein var i han eller ho. Og at ein hadde hindra det om ein berre kunne.

Sjølv om det er vanskeleg, må ein prøva å leva vidare så godt ein klarar, saman med sorga og saknet etter den som er borte. Det er viktig å leggja vekk skuldkjensla, den fører ikkje til noko godt, og er ikkje basert på fornuft eller realisme, berre på eit sterkt ynskje om at ting skulle ha vore annleis. Om ein klarar å forsona seg med at ting er slik dei er, og etter kvart minnast og gleda seg over det som var, er det også lettare å sjå framover. Ein hjelper ingen, aller minst seg sjølv, ved å ta skulda på seg.  

lørdag 16. januar 2016

Bygdeskulen


Ein stad å vera heime, ein stad å vera trygg
Ein stad å heva hovudet og vera rak i rygg
Der alle kjenner alle, og leikar fint ilag
om ikkje, vert det oppdaga, og fiksa same dag

Dei få, men flinke tilsette er gode til å sjå
kven som treng ein samtale og hjelp til å forstå
kvifor noko hende, og kva ein må sei`
når ein noko dumt har gjort, og når ein vil sei` nei

Om ikkje alle tilsette er like up-to-date
så er dei `hvertfall flinke til å bruka det dei veit!
Skrivekodar knekte, meistring overalt
Fleire trinn på same stad er slett ikkje så galt

Når skuledagen endar, vert skulen ikkje tom
med møter og musikkorps er det liv i fleire rom
På skuleplassen leikar det ofte born i fleng
før foreldra gaular at no må dei snart i seng

Om ikkje bygdeskulen er veldig ny og fin
er bygdefolket likevel så glad i skulen sin
Der ein med klump i halsen ser sine fine små
med nykjøpt sekk på veg til fyrste skuledagen gå

Der draumane vert tende, der håpet vert til ord
der framtidsfrø vert sådd og spirer trygt i kunnskapsjord
Om bygda mistar skulen, ho mistar hjartet sitt
då vil kanskje bygda òg forsvinna litt og litt

© Kristin Straume Audestad


Dei trugar med nedlegging av dei fleste skulane i kommunen vår, og bussing av elevane til ein stor skule som skal ha plass til alle. Sidan eg ikkje har høyrt nokon koma med dokumenterte argument for at dette er bra for elevane, reknar eg med at dette er økonomisk motivert. Problemet er at sjølv om det kanskje vil løna seg på kort sikt, får ein eit problem når folk byrjar å flytta frå bygdene fordi dei ikkje vil senda borna sine med buss langs rasfarlege og ulukkesutsette vegstrekningar. Om ein som foreldre i tillegg føler distanse til staden der dei som ein er gladast i, og reddast for, oppheldt seg store delar av dagen sin, vil ikkje dette vera positivt i lengda, verken for elevar, foreldre eller lærarar.

No kan det hende eg kvitmalar bygdeskulen litt, diktet tar for seg ein bygdeskule der ting fungerer slik det skal. Det er jo ein del utfordringar når det er små forhold også, og ikkje alle bygdeskular har like godt miljø. Ein er avhengig av dyktige tilsette som ser kvar dei trengs, og tek tak. Og ikkje minst av foreldre som støttar opp om skulen, og jobbar saman med lærarane for eit godt miljø på tvers av klassar og kjønn. Men føresetnadane for å ha eit godt miljø trur eg i alle fall er større når forholda er mindre, og det er meir synleg kvar skoen trykkjer. 

Og så er ein på ein måte nøydde til å jobba med miljøet, og leika med alle, spesielt på dei minste skulane der ein nesten treng halve (eller heile) skulen med for å gjennomføra ein runde med brentball. Eg trur akkurat dette er kjempeviktige erfaringar for borna å ta med seg seinare, og noko ein går glipp av på større skular der ein gjerne kjapt finn nokon som likar det same som ein sjølv, og leikar med desse. For å vera tolerante og ha respekt for at andre er annleis enn ein sjølv, er det viktig å vera med og forhalda seg aktivt til personar/klassekameratar som har annan bakgrunn og andre preferansar enn ein sjølv.  På større skular er det større mangfald, og det er jo bra. Men så skjer det også lettare der at nokon «fell mellom to stolar» og blir smått usynlege, både for klassekameratar og lærarar. Rett og slett fordi det er så mange å forhalda seg til at det er mogleg å forsvinna i mengda, i alle fall i friminutta.


17.mai-tog på veg mot Stamnes skule. Korleis vert 17.mai-feiringa i bygdene om dei fleste barneskulane vert nedlagte?


Eg er forresten så heldig at eg har «eit forhold til» fleire av dei nedleggingstruga skulane i kommunen. Stamnes skule, som ligg idyllisk til ved fjorden, med eit flott, grønt uteområde, var barneskulen min. Her har eg leika under lerketreet, gått ørten venninnerundar rundt skulen, sparka fotball med gutane, og blitt forelska for fyrste gong. Det var eit fint miljø der alle kjende alle, og lærarane såg oss og brydde seg. Stanghelle skule var den fyrste skulen eg jobba ved som ferdig utdanna lærar. Her jobba det dyktige, erfarne folk som hjalp meg og støtta meg når praksissjokket kom, og var flinke til å sjå og møta behova til dei ulike elevane. På Vaksdal skule, i mi noværande heimbygd, ligg skulen med utsikt ut over fjorden. Skulen i seg sjølv er ikkje så billedskjønn akkurat, men likevel ein god stad å vera i bygda. Her har eldstedottera mi allereie gått i snart seks år, og femåringen min gler seg veldig til å byrja der i fyrsteklassen til hausten.

Vaksdalsbygda til høgre, Stanghelle ligg lenger innover fjorden.

Eg synest det er trist å tenkja på at alle desse skulane kan forsvinna, og tenkjer det vil svekka kommunen vår på sikt. Eg ser fordelane med å ha ein "storskule" i kommunen, sjølvsagt. Eit større lærarkollegie og meir kompetanse samla på ein stad, er nok positivt, i tillegg til den økonomiske vinninga (som kanskje ikkje er så stor i lengda, om folk flyttar vekk, og med store utgifter til nybygg og transport). No er kommuneøkonomien stram, og det går nok på bekostning av ressursane til skulane. Ein kuttar i stillingar og lagar større klassar, og det er jo ikkje så positivt det heller. Men eg stiller spørsmål til om det blir noko betre på ein større skule. Dessuten går den økonomiske gevinsten på bekostning av så mykje anna! Ein del negative konsekvensar har eg nemnt over, og eit anna moment er det med skule-barnehage-samarbeid. Eg tenkjer det vert mykje vanskelegare å få til eit kontinuerleg og godt samarbeid når det er barnehage (fleire splitter nye!) i kvar bygd, og det liksom berre skal vera ein barneskule i kommunen. Det vil ikkje vera sjans (råd) for dei eldste borna i barnehagane å reisa så ofte på besøk på skulen, logistikken blir verre, og lærarane ved den «store» skulen vil nok vera meir travle og opptekne med sitt. Dette vil svekka tilbodet i barnehagane rundt i bygdene.

Med utsikt mot Straume og Stamnes. Me har mykje å by på i kommunen vår!
Så sentralt plassert i forhold til Bergen og Voss som kommunen vår er, er den perfekt å bu i for folk som jobbar ein av desse stadane, men vil bu i ei mindre bygd, der husprisane er lågare og trivselsfaktoren høgare. Her har me flott og variert natur, gode tilbod innan kultur og idrett, og rett og slett mange kjekke innbyggjarar. Men det hjelper lite om ein ikkje har skulen sin i nærområdet. Fleire og fleire i dagens samfunn set borna sine behov høgt, noko som er veldig flott! Det medfører at folk buset seg der dei trur borna vil få ein best mogleg oppvekst. Og det å senda borna sine «vekk» til ei annan bygd for å gå på skule, er ein faktor som trekkjer veldig ned, tenkjer eg. Når skulevegen i tillegg er direkte farleg, gjer det ikkje saka betre. Småting som gløymde nistepakker og born som vimsar fem minutt for lenge etter dei har gått heimefrå, er ikkje så store problem når skulen er i gangavstand. Men når ein må ta buss eller køyra minst eit kvarter for å koma til skulen, vert logistikken ein heilt annan. Nokon synest vel ikkje at eit kvarter ikkje høyrest så lenge ut. Men når vegen er slik den er, kjennest det verkeleg som eit kvarter for mykje. Det vert dessuten to kvarter om dagen, dei skal jo heimatt òg. Ein halvtime kjøretid på stygge vegar kvar skuledag i ti år vert garantert ganske lenge til saman, for dei som gidd å rekna på det.

Eg kunne nok kome med fleire argument, men det er heldigvis mange andre som også uttalar seg, og ein god del ser ut til å vera sterkt i mot samanslåing av skulane på denne måten. Eg tenkjer i alle fall at det å investera i bygdeskular, er å investera i framtida. Satsar ein på oppretthalding av skulestrukturen slik den er i dag, viser kommunen at ein meiner bygdene har livets rett! Dette vil vera noko som påverkar folk positivt, både oss som bur her, og dei som vurderer å flytta hit. Samstundes skjønar eg at når ein har dårlegare økonomi, må ein kutta ein stad. Spørsmålet er om det -både på kort og lang sikt - gjer meir gale enn godt å leggja ned skulane. Håpar folk ikkje sit på gjerdet mens denne prosessen pågår, men går aktivt ut og gjer beskjed om kva dei meinar - og kvifor!

tirsdag 12. januar 2016

Stemmene

Eg høyrer dei tydeleg, sjølv om dei kviskrar
Stemmene gjev meg `kje fred
Dei veit akkurat kva dei spydig skal seia
og trykkjer meg endå meir ned
Kva gjor eg det der for, det var jo heilt dumt
eg skulle `kje vore så snar
Han som eg møtte og smilte litt til
Han flirte fordi eg var rar

Stemmene ser når eg får noko til
og peikar på der som eg feila
Som giftige slangar dei smygande kjem
og vil seg om halsen min kveila
Eg dug ikkje nok, nei, eg held ikkje mål
dei andre er betre enn meg
I magen min finst det eit verkjande hol
der stemmene trykkjer og gneg

Og om eg ein gong skulle våga stå opp mot
stemmene som held meg fast
Og prøva ta fatt på ei reise åleine
eg alltid har med meg ballast
Som seier eg ikkje vil få dette til
at eg er for vinglete, sart
Det blir for mykje å bera på
Eg rykkjer tilbake til start

Stemmene ser når eg får noko til
og peikar på der som eg feila
Som giftige slangar dei smygande kjem
og vil seg om halsen min kveila
Eg dug ikkje nok, nei, eg held ikkje mål
Dei andre er betre enn meg
I magen min finst det eit verkjande hol
der stemmene trykkjer og gneg

Til slutt går det opp for meg kvar dei så kjem frå
stemmene som held meg att
Dei bur jo heilt inst i mitt hovud, og derfrå
dei lagar min dag om til natt
Og det som eg trudde at alle dei sa
det kjem visst her innifrå meg
Eg må ta reisa mi innover, eg
før eg vågar å høyra på deg

Stemma di seier at eg får det til
og peikar på det som eg klarar
Som lindrande vårvind ho tinar meg opp
og tryggleik til slutt eg erfarar
Eg er jo okei, og eg heldt visstnok mål
nokon syns at eg er god
I hjartet min brenn det eit varmande bål
du vernar kvar einaste glo

© Kristin Straume Audestad

(Advarsel: teksten under vart veldig lang, men eg hadde visst mykje å seia...)

Brukar sikkert for store ord i dette diktet, men det handlar jo om sjølvkjensle. Og sjølvkjensla er ganske avgjerande for om eit menneske har det godt eller ikkje, trur eg. For min del kan eg seia at eg sannsynlegvis alltid har vore min eigen største kritikar. Uansett kva eg gjer så høyrer eg ofte for meg kva negativt folk kan seia om det, og trykkjer meg sjølv ned, heilt utan hjelp. Etter kvart, blant anna gjennom skrivinga her på bloggen og i andre samanhengar, har eg innsett kor hemmande det er, kor mykje eg ikkje tør å gjera fordi eg er redd for kva andre kan seia og meina om det. Og det blir jo heilt feil å unngå ting berre av den grunn. Eg har jo også etter kvart klart å lausriva meg frå det, og tør meir no enn før. Føler eg klarar å vera meir og meir meg sjølv, også når eg møter folk eg ikkje kjenner så godt. Eg trur jo eigentleg at eg har litt å bidra med. Men så innbiller eg meg at ingen andre trur det, og då vert det jo ein slags "sjølvoppfyllande profeti" der eg litt for ofte unngår sosiale greier fordi eg ikkje heilt trur at nokon vil snakka med meg. Når eg i staden kunne delteke og hatt eit mål om å bli kjend med nye folk. For det er jammen meg mange flotte folk her i bygda altså! 

Eg huskar den fyrste "sommarfesten" i barnehagen til eldstejenta. Då skulle alle born og foreldre samlast, men eg kjende nesten ingen, og var vel den yngste der i tillegg. Så eg tok med meg skulebøkene mine, og sat og las til eksamen medan jenta mi leikte med venninnene sine... Sånn i ettertid kan eg berre rista på hovudet av meg sjølv, eg inviterte jo ikkje akkurat til sosial omgang heller, og må vel ha sett passe overlegen og sjølvoppteken ut. Eller berre rar. I alle fall ei dårleg mor. Når sanninga var at eg eigentleg hadde lyst til å prata med folk, men ikkje heilt visste korleis eg skulle koma i gong, og tenkte at alle andre hadde jo nokon å snakka med likevel. Så kan eg jo berre ta den nonsjalante "eg likar ikkje å vera sosial, eg trivst best i eige selskap", og det stemmer jo at eg ikkje har noko imot åleinetid. Men det er i grunn veldig kjekt å prata med folk også, når berre "isen" er brutt! Er vel det å koma i gong og ta den fyrste kontakten eg slit med. 

Når eg er kome så langt i dette innlegget, høyrer eg "Å herlighet, skulle dette berre handla om deg dette då, for ei innbilsk dame, det er sikkert riktig at ingen ville snakka med deg...". Og sarkastiske: "Stakkars deg, måtte du  sitja åleine i ei avslutning? Veit du at folk blir mobba? At nokon svelt? Er det verkeleg synd på deg?", og oppgitte : "Kven gidd å lesa dette?".  Og det kan jo godt hende at nokon les og tenkjer akkurat det. Spørsmålet er om eg då skal stoppa her og ikkje publisera dette, eller om eg skal tenkja at eg skriv dette fordi eg har ein teori om at det kanskje er andre som har det slik også, og kan verta glade for å vita me er fleire? Fleire som leitar etter av-knappen for tankane sine innimellom, og vil helst kunna fungera fint utan å grubla over alt mogleg, heile tida...

Eg  trur forresten det finst ein veg ut av denne negative spiralen. Fleire vegar eigentleg, det er mange måtar ein kan jobba for å få vekk negative tankar og bytta dei ut med meir positive tankar. Heldigvis er dette også noko dei fokuserer meir på på skulane og i media enn tidlegare. Eg har lest ein del slike sjølvhjelpsbøker (no ser eg for meg at folk himlar med augene, og det kunne eg i grunn gjort sjølv også viss eg var lesaren her, men ikkje alle desse bøkene er berre svada, faktisk), og funne ut litt av korleis tankemekanismane funkar. Og at det er komplekse greier. Noko i desse bøkene blar eg fort forbi, men ein del er ganske interessant. Har funne ut at eg sannsynlegvis er av den femtedelen i verda som er meir eller mindre høgsensitive (ny himling). Men altså, det med høgsensitivitet verkar ikkje berre som ein "ullen diagnose" frå sjølverklærte ekspertar. Det er i grunn inga diagnose i heile tatt, men skildrar ein type personlegdom som kan vera litt krevjande å forhalda seg til både for ein sjølv og dei rundt, om ein ikkje skjønar kva det går i. Menneske som lett tek innover seg (og blir ganske stressa av) mange ting på ein gong, til dømes av visuelle (syns-) og auditive (hørsels-) inntrykk, eller sinnstemninga til dei rundt ein, er sannsynlegvis høgsensitive. Så plagsomt som det enn kan vera, er det å vera høgsensitiv i grunn ein styrke, om ein skjønar at det ikkje er noko gale med ein fordi ein reagerer så sterkt, eller grublar over så mykje. Eg skriv kanskje meir om dette i eit anna innlegg, men det er verdt å lesa meir om for dei som er interesserte, og det finst etter kvart ein del bøker om emnet! 

Uansett (no tenkjer eg at alle har slutta å lesa for lenge sidan, men må berre laga ein fornuftig ende på denne teksten, for syns skuld... eller for mi skuld) er ein veg ut av desse dumme tankane å lesa om korleis ein kan snu dei til gode tankar, øva og øva på dette, og å lytta til dei rundt ein som seier at ein er bra nok slik ein er. Kanskje ikkje alle seier det like tydeleg, men om ein kjenner etter, og fylgjer med på folka rundt seg, veit ein nok innerst inne at ein er elska. Som kristen (DER datt i alle fall resten av) trur eg også at me er høgt elska av Gud. Og det er godt å tenkja på, og kjenna på kjensla av å vera elska, uansett! Å lesa i Bibelen, spesielt i NyeTestamentet, kan også vera ein veg ut av dette negative fokuset.

Om eg kan gje eit siste tips til meg sjølv og dei andre som er "flinke til" å grava seg ned i negative tankar: et nok! drikk nok! sov nok!  Dette påverkar dagsformen, og dermed humøret mykje meir enn ein skulle tru!  Og altså: det er ikkje det at eg manglar gode vener, og dei synest eg det er veldig kjekt å vera med! Det er denne kontakten med folk eg ikkje kjenner, eller berre kjenner litt, som kan gjera meg ganske usikker. Eller kunne. No har eg jo lært... Eller...