mandag 29. februar 2016

Sjef over deg sjølv

Er du ikkje vaksen blitt, og slettes ingen sjef?
Jo, du er jo sjef allikevel!
For du bestemmer sjølv over kroppen som er din
Kvar dag du finn på fleire fine sprell

Du har fått ein super kropp som du kan bruka bra
Hender dei kan leia, stryka, gje
Kjakane kan klemma, dine føter springa fort
Munnen din kan snakka, smila, le

Av og til så må dei vaksne også styra litt
Tannpuss og eit bad er ganske smart
Det er ikkje lurt å bruka hender til å slå
eller sykla bratt i fela fart

Men ingen dei har lov å gjera noko som er vondt
eller noko som du ikkje vil
med kroppen din – for du er sjef - då må du seie nei!
og sei` det til ein vaksen som er snill

Kroppen din er berre din, og inni der bur du
Tenk så flott at du er nettopp deg!
Husk at dei du møter òg er sjef for kroppen sin
Vær snill med dei du møter på din veg

© Kristin Straume Audestad

Eg trur det er store mørketal når det gjeld misbruk av born. Det er liksom ikkje slikt ein snakkar om, og ein del som har opplevd det, skjønar nok ikkje at det er dei vaksne/misbrukarane som gjer noko feil. I staden er det alt for mange offer som tek skulda på seg sjølv. Dei kan tru det hender fordi dei har gjort noko gale, og dette kan nok prega dei livet gjennom. Det at dei tek skulda på seg, gjer nok at det ikkje er lett for dei å fortelja om det til nokon andre.

Samtidig er det eit vanskeleg tema å ta opp i barnehagar og på skular, og med eigne born, for ein vil på ein måte ikkje øydeleggja «uskulden» til borna med å fortelja at det finst menneske som er stygge med born på denne måten. Ein vil helst ikkje at borna skal vita noko om dette i heile tatt. Dessverre vil det nok vera litt for mange born som veit alt for mykje om dette. Sjølv om dei kanskje ikkje heilt skjønar kva dei har vorte tvinga/lokka til, så skjønar dei nok at det ikkje er noko positivt, og samtidig er det noko som er flaut og vanskeleg å snakka om. Spesielt om overgriparen er ein person dei har ein nær relasjon til.

Eg trur det er viktig at ein både med eigne born, og i barnehagar og på skular snakkar om og understrekar at borna sjølve bestemmer over sin eigen kropp. At ingen har lov til å tvinga dei til å gjera noko dei ikkje har lyst til, eller noko som ikkje kjennest riktig. Og at om det skjer, er det viktig å fortelja det til nokon vaksne ein stolar på. Så vil ein sikkert få døme på born som snakkar om at dei blir tvinga til tannpuss og bading og slikt, mot sin vilje. Men då er det jo ikkje verre enn at ein forklarar at slike ting er viktige for kroppen, og handlar om å ta vare på den. 

Ikkje noko lett tema, og ikkje eit tema eg har noko forhold til sjølv, heldigvis. Men ein veit jo at det skjer, oftare enn ein vil tru. Difor skreiv eg dette diktet, og tenkjer at å lesa ein slik tekst, eller noko tilsvarande, kanskje kan vera eit greitt utgangspunkt for å ta ein slik samtale i barnehagar eller på skular? Det kan jo også skje at andre born/medelevar som gjer ting ein ikkje vil, og det er ikkje så lett for dei vaksne å snappa opp alt som hender under leik eller i friminutta.

Det er viktig å tenkja over korleis ein presenterer «overgriparen». Om ein seier at dei som er stygge med born/andre blir teken av politiet og hamnar i fengsel, er det ein reell sjanse for at borna som opplever misbruk ikkje tør å seie frå. Dei er jo ganske ofte i eit tillitsforhold til, og mange er på sitt vis glade i, personen som misbruker dei. Det er vel heller lurt å seia at om nokon er stygge med andre på denne måten, eller tvingar andre til noko dei ikkje vil, treng dei hjelp til å slutta med det. Og den hjelpa får dei, viss berre nokon seier frå om at dei treng hjelp.

Eg tenkjer at det er veldig viktig å vere observant om ein tek opp temaet, og også elles på eventuelle signal. Sjølvsagt tek ein temaet opp på ein var måte, og går ikkje i detaljar om kva folk kan finna på å gjera med andre. Ein snakkar vel heller generelt om dette at ein sjølv bestemmer over kroppen sin, og at det er viktig å seie nei viss nokon gjer noko ein ikkje vil, og seie frå om ein opplever noko som er bale på dette området. Men altså: når ein gjennomfører denne praten, i ei større eller (helst?) mindre gruppe, bør ein fylgja med på borna og sjå om nokon ser ut til å reagera på eit eller anna vis på det som vert sagt. Ein kan gjerne også gjera seg veldig lett tilgjengeleg i etterkant av praten, og seia at om nokon treng å prata meir om det, er det berre å komma bort og prata meir med den vaksne etterpå.

Om det så kjem nokon som fortel noko, er det kjempeviktig å ta det på alvor, sjølv om det kanskje kan verka uskuldig og urealistisk (jammen, i den fine familien…) i utgangspunktet. Det beste er jo om ein finn ut at det ikkje stemmer/har skjedd noko gale, og det vil nok henda i ein del tilfelle. Men ta i alle fall ein prat med helsesyster/andre personar med fagkunnskapar innan dette, og finn ut om ein skal gå vidare med det barnet har fortalt. Og gjer deg tilgjengeleg for barnet, i tilfelle det vil prata meir! 

Eg er ikkje noko ekspert på området, og det er sikkert mykje meir å seie/skrive om det. Men håpar eg har vore innom nokre fornuftige moment. Såg at akkurat dette temaet var aktualisert i sosiale media for ikkje lenge sidan gjennom innlegget om «Ida» på bloggen til Pappahjerte. Sårt og vondt, men viktig å lesa dette innlegget, tenkjer eg! Diktet mitt skreiv eg for ei stund sidan, men var usikker på om eg skulle leggja det ut, det er jo ikkje noko koseleg tema å ta opp. Samstundes tenkte eg då eg las innlegget eg lenkjar til over, at det faktisk er viktig å få fokus på dette, spesielt bør ein tenkja gjennom korleis ein kan ta det opp på ein lur måte i barnehagar og på skular. Å unngå temaet fordi det er ubehageleg for vaksenpersonane, kan i verste fall føra til at slikt kan pågå i lengre tid utan at nokon seier til barnet at det som skjer ikkje er riktig. OG - viktig - at det ikkje er deira feil at det skjer, men den andre personen som gjer noko gale. 

torsdag 25. februar 2016

Jammen, denne gongen blir da annleis...

Eg begynte so radig, eg va so glad
På Ikea åleina – tjohei fallera!
Endelig ska eg få rikelig tid
vurdera alt nøye – so mannen vert blid
ikkje kjøpa fø mykje, men kun da me treng
da e jo ein del, og me har lite peng…
Ja, da tenkte eg, og gløymde visst at
eg tenkte heilt likt då eg sist gong tok fatt…

No skulle eg starta, og begynte på toppen
Kjende da kribla i heile kroppen
Dei kjøkkenhandklena va billige vel
kun nitten krone - `kje løye dei selg!
Eg raska ei pakka og peiste so på
passerte ein mann so va gusten og grå
Tenkte da nok va eit sikkert symptom
på at han leid av IKEA-syndrom

Dei so har da, har visstnok fått nok
av leiting og plukking og for mykje tråkk
Amatør – tenkte eg – du må ha gode sko
og ein plan og ei vannflaska – ta da med ro!
Eg fann ein gul pose og fylte han fort
med billige ting – både smått og stort
kosedyr, boksa og billige knotta
IKEA-dronning – ja du har vel forstått da?

Når andre etasje va runda te slutt
va to posa fulle – men eg va `kje kaputt!
Fann meg ei vogn neri fyste- og heiv
oppi ei skål, servietta, ei sleiv
Kosta `kje nåke – i hvert fall `kje mykje
gitt vekk – for kun 29 krone stykkje`!
Gardine og sengkle, og tilbod på dyne!
Eg vakla et øyeblikk, svimmel av synet

Og so va da lyspære og batteri
Slett ikkje dyre, so eg tok minst ti
Ein bordlampe treng me no alltid vel?
Da e jo so koselig når da e kveld…
Snart va da haug oppå vogna, tjohei
Slang på ei bildelist – bana meg vei
Den stakk litt langt ut, so eg sneia ein fyr
Han kikka på meg som et plaga dyr

Nærma meg kassen, men fyst va da planta
orkidea te 49 raske – eg fant da!
Men kor sku eg putta dei, vogne va full
og posane kjendest so tunge som gull
Men ein neve hadde eg, trilla med hin
knuga blomstrane tett innte brystkassen min
Kjende meg øren, ja, kan du forstå?
No va da eg so va prega og grå

I hurtigkassen vart eg fort jaga vekk
Køen gjekk seint, og eg svetta ein bekk
Då eg endelig kom fram og lempa på vare
kjende eg på meg at eg va i fare
Fjellet i vogna va klart te å rasa
eg kasta meg fram, redda åtta små vasa
Fekk te slutt oppå alt, måtte hiva meg rundt
og pakka i posa, detta va ikkje sunt

Endeleg kunne eg bort og betala
og kredittkortet opp i frå lommo mi hala
Lukka augena fort før totalsummen kom
Tasta inn koden og kjende ein flom
av tårer som pressa seg fram, når eg såg
på posar som i høge stablar der låg
So kom eg brått på, mens eg kjende meg tom,
ka eg egentli` skulle, so segna eg om

Kristin Straume Audestad


Sorry dialekta, men det føltest naturleg å skriva dette på dialekt... Eg har nyleg vore på IKEA, ja. Det gjekk ikkje føre seg akkurat slik. Det byrja ganske likt, men slutta på ein måte endå verre, fordi mannen og borna kom til undervegs... 

For ei lita veke sidan var det revy her i bygda. Då dei skulle starta, søkte dei etter nye medlemmar, blant anna nokon til å skriva tekstar. Eg melde meg, litt sånn nølande som eg alltid er når eg skal prøva å gjera noko nytt, og eigentleg ikkje trur at eg er god nok. Men etter nokon idèdugnadar både med andre i revyen, og med meg sjølv sånn langt etter midnatt når eg fekk skrivelysta over meg (har høyrt at det er meir vanleg å få andre lyster etter midnatt, men eg er vel litt sær då), hadde eg skrive ein del tekstar, og mange av desse vart faktisk brukt i sluttresultatet! Artig å sjå, og vera ein del av ein så velfungerande revy, mange flinke folk i aksjon i ulike roller, både på og utanfor scena! 

Etterpå kom eg i prat med ei dame og måtte jo sjølvsagt sånn heilt tilfeldig og sjølvsagt utan snev av stoltheit nevna at eg hadde skrive nokre av tekstane... Ho var overraska og sa at ho visste ikkje at eg skreiv morsomme tekstar også. Og eg innsåg at eg ikkje har gjort det på bloggen på ei god stund. Har vore mykje "tenkjedikt", vemodige dikt og kanskje nokon snusfornuftige også. Trur det berre blir sånn på denne tida av året, då er eg ofte i grublemodus. Men prøvde no i dag då, berre for å visa at eg kan. 

På revyen hadde me ein vittig IKEA-song skriven av ein mann. Så no ville eg visa IKEA frå ei dame sitt perspektiv (ikkje alle damer er slik då, reknar eg med!). Veit i grunn ikkje om det gav eit meir flatterande inntrykk av denne kjeda. Sånn når eg tenkjer på det, er det vel ofte me damer som "gjer jobben" på sjølve varehuset, medan mennene får ein krevjande jobb når ein kjem heim att (flatpakker osv.). Kanskje om ein bytte roller, ville det roa ned stemninga betrakteleg?  Eller ikkje... 

onsdag 10. februar 2016

No dundrar du forbi igjen

No dundrar du forbi igjen
rett framfor nasa vår
Skulevegen vår er smal
me håpar du forstår
At me er born, slik borna er
og sjeldan roleg sit
Me gløymer støtt å passa oss
og vimsar hit og dit

Du har vel vore liten sjølv
du veit korleis det er
Når ein vakker sommarfugl
brått er veldig nær
Eller når det lavar ned
med herleg, iskald snø
Eller når ein strikkegenser
gjer at me må klø

Då er det jo så altfor lett
å gløyma seg heilt bort
sjølv om nokon nærmar seg
og køyrer ganske fort
Me er mjuke, me er små
harde å få auge på
Lastebilen din er svær
så ikkje ver for brå!


Eg synest det er skummelt mykje tungtransport langs vegane i dag. Her i bygda får me store trailerar også inn på bygdevegane, på grunn av mølleindustrien som held til her. Det er flott at me har arbeidsplassar i bygda, altså! Men det hadde vore fint med eit meir markant skilje mellom desse svære køyretøya som fartar til og frå, og dei mjuke trafikantane langs vegen. Det er stort sett fotgjengarfelt langs vegen heldigvis, men kor lett er det ikkje at borna gløymer seg, og ikkje passar på å halda seg der? Eit sekunds uoppmerksamheit frå sjåføren si side i tillegg, så kan det verta fatalt. Han treng ikkje vera uoppmerksam ein gong, ting kan skje enormt fort, og små ting kan verta veldig store om det hender i feil augneblunk.

No må eg understreka at dette diktet ikkje handlar om den tragiske ulukka her i bygda i desember, sidan det var eit reint uhell som ingen kan lastast for! Men det er eit faktum at det køyrer ein del trailerar gjennom bygda kvar dag, og nokre av desse køyrer forbi når borna går til og frå skulen. Det finst konkrete døme på nesten-uhell der trailersjåførar ikkje har vore oppmerksame nok, og det kunne skjedd stygge ulykker. Det verste eg har høyrt, var då fleire skuleborn var på veg til å kryssa gangfeltet, og ein trailer køyrde rett over utan å stoppa.  Eg trur heldigvis dei fleste trailersjåførar er dyktige og så observante som dei kan, men det er likevel slik at skumle ting kan skje når ikkje skiljet er større mellom born og store køyretøy. 

Tenk om ein til dømes kunne brukt godstog meir enn ein gjer  i dag, for å slusa vekk noko av tungtrafikken? Her går jo jernbana rett gjennom bygda, så det burde jo sånn i teorien vore mogleg? Eg anar ikkje heilt korleis me skal få det betre, men det er i alle fall veldig viktig at borna går med refleks om det er mørkt/skumring, og ofte blir minna på kvar og korleis det er lurast og tryggast å gå. Me vaksne bør nok også gå framfor som gode eksempel, eg må nok byrja å bli flinkare å bruka refleks sjølv... Kunne sikkert sagt meir om temaet, men hadde bestemt meg for at dette ikkje skulle bli ein altfor lang tekst. Og ja, dette kan også gjelda like mykje bilar som køyrer fort på bygdevegane!

onsdag 3. februar 2016

Valet


Så sit eg på ny her i stova mi stilt
Og kjenner ein klump i min hals
Den spreier seg nedover, gjer ganske illt
i magen den verkjer i vals
Eg er slett ikkje god, kan `kje sitta i ro
katastrofen kan brått vera nær
Eg er frosen og heit, for eg veit det eg veit
og det vondaste med dette er

At det er ingenting å gjera noko med
for uansett kva som framover vil skje
om dette fører med seg uro eller fred
så har eg ingenting med det
Men vil eg innerst inne alltid lura på
Om me ein gong kunne det litt betre få
viss eg gjor` annleis, vil det verta ei råd?
Vil himmelen igjen bli blå?

Eg gjor` det eg trudde var best der og då
Men kanskje det var ein feil
Eg burde vel spurt deg om hjelp eller råd
Men stod heller framfor mitt speil
Eg vog for og i mot før eg sette min fot
ned og tok så eit endeleg val
Og no lurar eg på om eg var alt for brå
Kanskje avgjersla mi var fatal? 

Og det er ingenting å gjera noko med
for uansett kva som framover vil skje
om dette fører med seg uro eller fred
så har eg ingenting med det
Men vil eg innerst inne alltid lura på
Om me ein gong kunne det litt betre få
viss eg gjor` annleis, vil det verta ei råd?
Vil himmelen igjen bli blå?

Vil eg nokon gong vita om det var rett
å gjera nett det som eg gjor`?
Du har kanskje no allereie det sett   
men vil ikkje sei det med ord
At valet var godt sjølv om eg tok det brått
og om fallhøgda var ganske stor
Det vil ordna seg også for deg og meg
me kan trakka opp heilt nye spor

Og det er mange ting som no kan få skje
Me kan gå hit og dit, og opp eller ned
Det vil gå bra så lenge du trygt er med
så skal me alltid greia det
Og eg treng ikkje lenger trøytt lura på
om det var dumt å ta ei avgjersle brå
For me kan saman mala himmelen blå
det byrjar eg no å forstå!



© Kristin Straume Audestad

Dette diktet har lagt litt på vent, fordi det kan verka dramatisk sånn i fyrste omgong, men altså, det handlar ikkje eigentleg om noko veldig stort, eller om kun eit val. Eg er berre flink til å laga små ting (altfor) store inni hovudet mitt når eg ikkje får sova og ligg og grublar midt på natta. Uansett så er det slik at ein av og til blir stilt ovanfor val ein er nødt til å ta. Og det er ikkje så enkelt om ein eigentleg er litt ubesluttsom (les: redd for å velja feil).  Om ein er i eit forhold bør ein nok helst gå saman og prata ilag før ein tek avgjersler som kan påverka begge. Men ikkje alt er like lett å bestemma ilag, av og til må nok berre den eine setja foten ned og ta valet. Primært er det då den som veit mest om kva valet går ut på, og som blir mest påverka av valet, som lyt gjera det. Men det er eit vanskeleg ansvar å ta, fordi ein vil jo ofte lura i etterkant på om det var «det o-store rette valet». Og som regel vil ein aldri finna ut av kva som hadde skjedd om ein hadde valt annleis, det er i grunn ganske irriterande…

Men eg har grubla meg fram til at det vert litt slik ein gjer det til sjølv. Å gå og angra eller tenkja over alternative utfall av noko ein uansett ikkje kan gjera noko med, gjer berre at ein blir ein irritabel grinebitar. Og ein klarar ikkje å gle seg over dei positive konsekvensane av det valet ein faktisk tok. Om ein heller ser framover, og ser det gode i situasjonen, får ein det mykje betre. Ganske logisk eigentleg, men hjernen vår (les: min) har ein tendens til å hengja seg opp i og dvela ved ting ein ikkje kan gjera noko med, i staden for å tenkja positivt og strategisk i forhold til det ein faktisk KAN gjera noko med. Dessutan trur eg at Gud også kan hjelpa oss å ta dei rette vala om me ber Han om det, og at om me tar «feil» val, så kan Han vera med og snu det til noko positivt likevel. Prøver å leggja av meg dette her etterslepet som seier «jammen, viss…» og ikkje gjev meg ro for at eg har teke dei rette vala. For når eg tenkjer meg om, er det mykje godt som har hendt som ikkje ville hendt om eg gjorde andre val.

 Er i skrivemodus for tida, så det ploppar dikt ut her oftare enn før i denne perioden. Er ikkje like fornøgd med alle (er vel ingen dikt eg ikkje finn manglar med..), men hiv no ein del ut likevel, for eg øver meg på å vera fornøgd når ting er «godt nok». Anar ikkje kor tid motivasjonen til å skriva tek slutt, så må berre hengja med så lenge det varar… Veldig takknemleg for gode kommentarar, sjølv om eg blir litt flau og ikkje alltid heilt veit korleis eg skal svara, så set eg pris på det, altså! Men ikkje vær redde for å gje meg kritiske tilbakemeldingar heller, eg er fullt klar over at eg bommar innimellom.