fredag 25. mars 2016

Anten, eller

Nokre dagar er eg klar til å redda verda
berre eg nett finn ut korleis

Andre dagar ventar eg på at
nokon skal redda meg


Kristin Straume Audestad


Grådig kor fort humøret skiftar. Innimellom gjer det meg litt småsprø. Kanskje fleire veit kjensla? Ein dag er ein full av energi og pågongsmot, klar til å faca alt ein har utsett litt for lenge, og i tillegg ein del andre ting som ein brått får over seg at ein skal gjera. Neste dag er ein oppteken av å samla saman nok energi-stumpar frå dagen før til å orka å laga middag. 

For oss damer heng det nok ein del saman med hormonar i kroppen. I løpet av ein månad er det ganske skiftande kva hormon som dominerer, og dette fører til like omskiftande sinnelag. Det som er sløvt, er at folk som møter ein på ein dårleg dag, sannsynlegvis vil få eit anna inntrykk av ein, enn på ein god dag. Spørsmålet er vel også kva inntrykk som er rett, og kva inntrykk som er feil ;)  Det er vel forresten kanskje dette den der tøff i pyjamas-songen handlar om? 

Håpar de som faktisk måtte vera innom her har ei fin påske! 

mandag 14. mars 2016

Det kunne så lett vore du og eg

Det kunne så lett vore du og eg
som flykta for livet ein stad
Som i desperasjon tok ein utrygg veg
og reiste på rekkje og rad
Drivne avgarde frå heimar og land
fordi dei som herja med makt
var av dei vonde, og blodet det rann
når folk vart behandla som slakt

Illusjonar dei brest, det visnar bort håp
og framtida verkar brutal
når born får i bomber og skoteld sin dåp
då tek ein det blytunge val
Ein flyktar frå alt som ein har halde kjært
for ingenting kan verre bli
Ein tek med seg borna, vernar dei nært
og reiser mot framtida si

Det kunne så lett vore oss, men du veit
det er nokon andre som slit
Som etter tryggleiken no er på leit
Kan hende dei flyktar heilt hit?
Kva byr me så på, til dei som no kjem?
Ei maske som er ganske stiv?
Ser me på dei som eit digert problem
eller unner me dei eit nytt liv?

Kristin Straume Audestad


Me i Norge er veldig priviligerte, på mange område! Det er ikkje sjølvsagt at det er slik. Men når det fyrst er slik, er det veldig lett å lulle seg inn i komfortsona si, og prøve å ikkje tenke på at det finst mange som er atskillig verre stilt, og i grunn kunne trengt vår hjelp, på ulike måtar. I dette diktet tenkjer eg fyrst og fremst på dei flyktningane som kjem, og slik eg forstår det, ikkje berre møter gode, gjestfrie innbyggjarar, men også (fleire og fleire?) folk som ikkje ynskjer dei hit, er redde, krisemaksimerer, og i verste fall jublar (på internett) når nokon døyr på vegen. Skremmande at det er slik!!!

Eg er klar over at ikkje alle som kjem som flyktningar, er truga på livet. Samstundes er mange av dei akkurat det. Og dei som ikkje er i direkte livsfare, kan likevel stå i stor fare for å veksa opp ein stad som er prega av depresjon og mangel på håp, av ulike grunnar. Ynskjer me ikkje å gje dei sjansen til å få ei betre framtid?  Ja, me har det utruleg bra her i Norge. Toler me å gje slepp på bittelitt av det bekvemme, for å gje folk utan håp tilbake håpet sitt? Eg ser poenget med å avgrensa flyktningestraumen, og trur det er lettare å inkludera (inkludering er betre enn integrering!) dei som kjem i det norske samfunnet på denne måten, når ikkje det er uhandterlege mengder med trengande som kjem. Men det er viktig å ikkje avgrensa så mykje at det er mange som får håpet sitt knust. 

Eg trur det er nokre faktorar som bør vere med for at dette skal fungera godt, og både dei som kjem, og me som allereie er her, skal få det best mogleg saman.  Flyktningane bør nok raskt koma i gong med norskundervisning, og ikkje minst få innsyn i og få forklart korleis det er vanleg og "akseptert" å oppføra seg i Norge. Både for å forstå oss som bur her, og få sjansen til å tilpassa seg sjølv. Eg meiner ikkje at dei skal fjerna seg heilt frå identiteten sin, og kven dei er, og trur me har mykje å læra av dei som kjem. Men spesielt det med korleis menn snakkar til og oppfører seg mot damer, er nok veldig ulikt frå land til land. Det er jo ikkje rart at menn oppfører seg frekt, om det er det som er "sosialt akseptert" og "normalt" i deira land, eller i miljøet dei kjem frå (me har nok slike miljø her i Norge også, dessverre). Men eg håpar eit obligatorisk "kurs" med ikkje alt for mange deltakarar, der ein tek blant anna dette opp som tema, vil vera positivt. No må eg elles seia veldig tydeleg at alle menn eg kjenner som har kome som flyktningar her til bygda, er minst like høflege som etnisk norske menn! 

Ein annan, minst like viktig faktor er at me nordmenn som møter dei som er nye i Norge, må våga å ta kontakt. Det kan byrja med eit smil og eit hei kvar gong ein treffest, det gjer faktisk mykje! Så kan ein prata litt, og gjerne besøka dei også, om ein bur i nærleiken. Nokre venninner som er modigare enn meg, besøkte nokre av dei fyrste flyktningane som kom til bygda, og starta slik vennskap som framleis varer! Noko av det me kan læra av flyktningane eg har snakka med, er å vera inkluderande. Etter nokre møter med ei kjekk eritreisk dame, vart me brått invitert i barnedåp! Kor mange av oss ville gjort noko tilsvarande? Eg trur det har veldig mykje å seia for inkluderinga av flyktningane at dei møter smilande folk som vil dei vel, og ikkje skeptiske folk som helst unngår dei mest mogleg. Om ein i lokalsamfunnet greier å laga til ein lavterskel møteplass der flyktningar (og gjerne andre innflyttarar også) kan møta lokale folk for prat og mat, trur eg dette også verkar veldig positivt.

Så tenkjer eg også det har mykje å seia at flyktningane ikkje blir plasserte alt for mange samla, men heller spreidd rundt, så dei kjem meir innpå oss andre, og det er lettare å ta kontakt utan at det blir så formelt. Til sist: viktig at dei får noko meiningsfullt å driva med, og opplever at dei kan yta noko tilbake til landet som tok i mot dei! At dei føler dei blir hørt og har ein verdi, og ikkje berre er i vegen. For om dei som kjem berre føler at dei er ein byrde, og eigentleg uønska, har det sjølvsagt ein klar negativ verknad, både på kor opne dei er for dei gode, humanistiske verdiane som eg håpar og trur framleis finst i landet vårt, og på korleis dei engasjerer seg positivt i samfunnet elles. 

Dette er eit tema som har grådig mange innfallsvinklar, og det er mykje å skriva om. Men eg håpar eg fekk fram nokre fornuftige tankar i alle fall. No har eg forresten skrive om "dei" nett som om det er ei einsarta gruppe flyktningar som kjem, og det veit eg jo veldig godt at dei ikkje er, like lite som me nordmenn er det! Men det var vanskeleg å skriva det på ein annan måte utan at det vart for kronglete.

fredag 11. mars 2016

Alltid

eg likar deg så godt når du smilar
men eg elskar deg òg når du er sur
og eg håpar at du aldri tvilar
når du sturar der innanfor din mur
på at eg er så inderleg glad i
heile deg, for alltid, uansett
for deg er det så veldig mykje bra i
å elska deg er enkelt, rett og slett!

Kristin Straume Audestad

Seksåringen spurte meg ein dag om eg ikkje likte han når han gjorde dumme ting. For meg var det jo sjølvsagt, men forstår at han lurar litt, spesielt viss eg blir sint. Så eg måtte snakka om at me blir av og til ekstra sinte på dei me er ekstra glade i, uten at det er heilt lett å forklara kvifor det er slik. Det med kjærleik er innvikla greier. 

Eg seier ofte til borna mine at eg er glad i dei, men er sikkert ikkje alltid like flink til å visa det i handling. Og då kan det jo vera forvirrande for ei stakkars sjel. Øver meg på å visa på ulike måtar at eg er glad i borna. Kunne skrive mykje meir om dette, til dømes i forhold til det med at me har ulike kjærleiksspråk, men det får eg ta opp ein annan gong. Øver meg nemleg også på å skriva kortare innlegg ;) Ha ei fin helg! 

onsdag 2. mars 2016

Godnattsong

God natt, fine vennen min
no stryk eg litt på ditt kinn
så håpar eg søvnen finn
sin veg til kroppen din
Då kan du drøyma mykje rart
og spennande, ja det er klart
men husk at om du vaknar snart
så skundar eg meg inn

God natt, snille vennen min
no bles eg ein drøymevind
på nakken og ryggen din
så triste ting forsvinn
Me er så veldig glade i
nett deg som ligg i senga di
Om du er lei deg eller blid
hjå oss du kjærleik finn 

God natt, gode vennen min
no stryk eg på foten din
Der ute i måneskinn
vev ederkoppen spinn
og fuglar kviler i ei busk
litt redde for ein puselusk
men heldigvis er pusen pjusk
og søv på trappetrinn

God natt, trøytte vennen min
no går eg til stova inn
Legg øyret på puten din
Lukk opp di sovegrind
Eg veit om Ein som passar på
sjølv om me ikkje kan Han sjå
Han elskar deg, vil med deg gå
slik at du vegen finn

Kristin Straume Audestad


Eg fekk over meg ein kveld eg hadde dårleg samvit for eitt eller anna eg hadde gjort eller ikkje gjort i forhold til borna, at eg skulle laga ein godnattsong til dei. Tenkte i utgangspunktet eitt vers, men så syntest eg det mangla noko. Og så laga eg eitt til. Og eitt til. Og eitt til. Men det greie med alle versa er at alle fire på ein måte er "avsluttande", så ein kan velja seg det ein likar best, og berre syngja det. No manglar det jo ein vesentleg del for at det skal vera ein song då, som vanleg når eg skriv songar slit eg med å laga melodi. Eg har i grunn ein i hovudet mitt, men den er litt kjedeleg. Kan testa den ut på borna mine då, og viss dei synest den funkar, kan eg hiva den ut etter kvart. Elles står jo de som er innom fritt til å laga dykkar eigen melodi, om de skulle få lyst til å bruka teksten.