onsdag 20. april 2016

Eit sekund skal eg klara

Eit sekund skal eg klara
Der gjekk det forbi
Eg lever då framleis
- om kampen er stri

Eit minutt skal eg klara
om enn det er langt
så pustar eg sjølv om
det kjennest litt trangt

Eit kvarter skal eg klara
Bør eta litt no
Men all mat er smaklaus
og slett ikkje god

Ein time heldt hardt
men det får berre gå
Eg kan ikkje sitja
går til og i frå

Ein dag må eg klara
Eit liv? Ikkje spør
Eg veit berre at
ingenting blir som før

© Kristin S. Audestad

Etter ei hending som snur opp ned på alt, i negativ forstand, kan det vera vanskeleg å finna mål og meining med å leva vidare. Kvardagslege ting som ein veit ein bør gjera, vert så uviktige. Ein vil berre at alt skal bli slik det var før. Og veit samtidig at det ikkje er mogleg. Ein vil ikkje sjå framtida for seg, for den blir uansett ikkje slik ein hadde tenkt. Men så må ein jo berre leva vidare likevel. Eit sekund om gongen, ein dag om gongen. Og så får det vera nok, nett då, at ein held ut. Etter kvart vil ein nok finna meininga igjen. Livsgnisten, håpet, lyset, eller kva ein vel å kalla det. Men at dette manglar ein periode er nok ganske naturleg, sjølv om det er vondt, ikkje minst for dei som er rundt.

(Ikkje noko som har skjedd her i det siste, berre eit dikt som har lagt i bakhovudet ei stund.)