torsdag 19. mai 2016

Når eg ein gong døyr



når eg ein gong døyr
(det gjer eg jo før eller seinare
men helst seinare
for det er så mykje eg skulle gjort før)

men når eg ein gong døyr
vil eg helst ikkje de skal
sørgja så voldsomt over meg
eg har det nok fint eg då

stundene me ikkje rakk oppleva
og det me aldri får gjera saman att
kan de sørgja ein del for
det er godt å få det ut

det gode eg sa 
er det fint om de hugsar
det blir kanskje ekstra viktig for dykk
når eg er borte

men hugs også dei dårlege sidene mine
uvanane - eg var `kje nett nokon helgen
og le av meg så mykje de vil
eg ler med eg, der eg er

og for all del 
lev vidare
ha det så godt som de klarar
om ikkje anna, så for mi skuld?

forresten
om eg veit det litt før
at slutten nermar seg
er det mogleg eg blir litt (ekstra?) tverr og vanskeleg

men det er berre fordi de også skal
bli pittelitt glade
for å bli kvitt meg for ei stund

for me treffest vel att?

© Kristin Straume Audestad

Eg har innimellom vore redd for å døy. Så redd at det sikkert har hindra meg i å gjera det eg eigentleg har villa, på grunn av (ofte urealistisk) frykt for at det blei det siste eg gjorde. Mest har eg vel vore redd for at eg har vore alvorleg sjuk. Det har no ikkje slått til endå, heldigvis, og eg er ikkje så ofte redd som før. Men av og til kjem redsla krypande, gjerne saman med eit eller anna eg går og kjenner på, som eg er sikker på eg ikkje har kjent noko til før. Eventuelt som eg har kjent på så lenge at eg tenkjer det er for seint uansett. Då krisemaksimerer eg, og førebur meg på det verste. Går til slutt til doktor, og forventar berre ei bekrefting på at eg har rett og snart ligg på det siste. Blir like overraska og letta kvar gong det viser seg at frykta var grunnlaus. Etterpå kan eg tulla med det, veit jo at eg overreagerer, men nett når eg er midt inni den der "eg er alvorleg sjuk-bobla" er det heilt særiøst og verkeleg for meg, og vanskeleg å sjå nyansert på. 

Har etter kvart funne ut at det beste er å forsona meg med at eg til slutt kjem til å døy. Men at det er dumt å la vera å leva i mellomtida. Ikkje minst så har eg trua på Gud, og Jesus som døydde og stod opp att for oss, som ein styrke og tryggleik i kvardagen, med ein lovnad om at døden ikkje treng vera slutten på alt godt. Berre slutten på den delen av livet som er vond, og byrjinga på noko som er så godt at ein ikkje heilt fattar det. Eg veit om fleire eldre som med himmellengt og glede har venta på å døy. Eg er ikkje heilt der. Har så mange eg er glad i her nede, og føler eg har meir å gjera og få ut av livet. 

Men om det brått skulle visa seg at eg ikkje hadde hatt lenge att, kjenner eg, i alle fall på dette tidspunktet, at eg er fornøgd med det eg har fått ut av livet til no også. Og så får heller denne vissheita om at me har begrensa med tid på denne jorda gjera at eg prøver å ikkje utsetja så ofte ting som gjer meg glad, som det å lesa og skriva, leika med borna, eller ha gode samtalar med kjende eller ukjende. Bør prøva å utsetja litt oftare ting som ikkje er så viktige akkurat der og då (det er eg i grunn ganske god til uansett - når det gjeld husarbeid og slikt). 

søndag 15. mai 2016

Alle andre

alle andre har det bra
smiler mot sola
omgitt av gode vener
og kjærleg familie
i nydelege hagar
på høge toppar
i fine hus

du sit i ditt eige
ser rotete krokar
ugras i hagen
ingen vener ringjer på
ikkje nett i dag i alle fall
og der sit du inne
og ser bileta til alle dei andre

er du sjalu?
bittelitt?

du veit ikkje kva dei andre har
i krokane sine, du
du ser ikkje kva dei strevar med

du treng ikkje vera nokon andre
du er best når du er deg sjølv
og du har folk å vera med
berre du tør å seia
kom

forresten
ikkje gløym
at for alle andre
er du
ein av alle dei andre

Kristin Straume Audestad


Det er så lett å bli opphengt i kva alle andre får til. Ein ser det jo så tydeleg, på facebook, på instagram, på snap. Til og med i avisa innimellom... Nokon er flinke til å gleda seg saman med folk, og bli inspirert på ein positiv måte. Eg beundrar desse! Andre stressar med at DET burde eg òg gjort og DET skulle eg jo tenkt på for lenge sidan, og DEI er saman med venene sine og det burde sikkert EG òg vore, og.. jammen... Korleis skal eg REKKA alt det der? Eg får det jo ikkje TIL! Eg er MISLYKKA!  Sjølv om ein les side opp og side ned om at ein ikkje skal tenkja slik, og at facebook og instagram berre viser glansbileta, er det ikkje alltid lett å få fornuften til å ta styringa.

For ein ser jo det ein ser. Menneske som KOSAR seg. Hjelpemeg som dei kosar seg. EG ÒG VIL KOSA MEG! Og så gløymer ein at ein faktisk hadde det ganske så koseleg heilt til ein såg alle bileta av andre som koste seg. Sjalusi. Det er vel i grunn det det heiter. Det heng gjerne saman med mykje anna òg, som dårleg sjølvbilete osv., i tillegg til at sjalusi-kjensla varierer med dagsformen. Så kva gjer ein når ein kjenner den ekle smaken i munnen?  Det er jo fleire moglegheiter... Ein kan gulpa det i seg, og skriva søte kommentarar med mange hjarte-smilefjes fordi ein har dårleg samvit for at ein var sjalu. Ein kan logga av instagram og facebook (men korleis skal ein då vita kva andre folk gjer, må ein liksom SNAKKA med folk no då?). Ein kan la vera å trykkja "tommel opp" eller "hjarte". Nix, nei, dykk har eg unnt det gode liv lenge nok, no kan de godt få ein kloakklekkasje på badet eller noko slikt... 

Eller... Søren, det var her det skulle koma eit veldig fint og moralsk alternativ som gjorde deg som lesar til eit nytt og betre menneske som verkeleg frå inst i hjartet unner alle andre å ha det supert, fordi ein veit at livet ikkje alltid er supert, og fordi ein i grunn har det ganske godt sjølv viss ein kjenner etter, og den største gleda du kan ha, det er jo å gjera andre glad. Men det var vanskeleg å koma på noko konkret alternativ i grunn. Og fy meg, eg legg jo på ein måte til grunn at du som les faktisk er slik som inst inne er litt sjalu når det verkar som alle andre kosar seg så grådig, og har så mange vener, og du sjølv har ein dårleg dag. Det er sikkert frekt av meg å tilleggja deg denne sjalusi-kjensla slik utan vidare. Eg håpar de unnskylder meg, og at det berre er eg som kjenner det der idiotiske sjalu-stikket som eg er kjempeflau av at eg kjenner, men som eg kjenner likevel. 

Likar ikkje å innrømma det ein gong, føler det gjer meg til ein ussel person, sjølv om det er ei høgst menneskeleg kjensle. For eg vil jo at alle skal ha det bra! Og eg har veldig lyst til at folk skal fokusera på det som er bra og godt i livet sitt, og det å dela slikt med andre, hjelper ein jo til eit positivt fokus. Eg trur nok heller ikkje løysinga er at folk ikkje tør visa at dei har det kjekt, for å spara andre for det sjalu stikket. Dessutan veit eg at det finst mange flotte menneske som verkeleg unner andre å ha det bra, sjølv på dagar ein sjølv ikkje har det supert. Eller som ikkje bryr seg så felt om kva andre gjer, og er mest opptekne av å gjera det beste ut av sine eigne dagar. Eg trur nok dette med å samanlikna seg med andre, og føla at ein sjølv sit att med "svarteper", handlar mykje om personlegdom, og kor trygg ein er på seg sjølv. Og dagsform. Som igjen har med nok søvn, mat, drikke og slikt å gjera.

Eg er i alle fall nøydd til å tru at dette kan "fiksast", for eg likar ikkje meg sjølv når eg kjenner det der sjalu stikket. Eg vil ikkje vera slik. Eg trur ikkje det gjer meg til nokon god person. Og det er ei ekkel kjensle å ha i kroppen. Så eg lyt øva meg. Kopla litt meir av frå sosiale media. Kjenna etter om morgonen kva eg har lyst til å få ut av dagen. Er det nokon eg kan gjera noko godt for? Nokon eg treng å snakka med? Vera til stades for borna, utan å føla at eg burde ha gjort alt det som eg ser andre gjer, eller trykka på mobilen. Sova nok, drikka nok. Og be om hjelp til å fokusera på det rette. Huska på at eg også er "alle dei andre", for alle andre enn meg sjølv. Så korleis kan eg vera ein "annan" som gjer at folk føler seg bra?

Eg har forresten fleire dikt som er inne på det same, blant anna eit som heiter "Alle har sitt". 

tirsdag 3. mai 2016

Ein veldig barnsleg, men faktisk litt nyttig, song for småbornsforeldre...

Melodi: If you`re happy and you know it...

Viss du kjenner du må tissa, gå på do (tss tss)  (*2)
Viss du kjenner du må tissa, kan du ikkje stå og dissa
Viss du kjenner du må tissa, gå på do (tss tss)

Viss du kjenner du må bæsja, gå på do (plopp plopp) (*2)
Viss du kjenner du må bæsja, må den oppi doen klæsja
Viss du kjenner du må bæsja, gå på do (plopp plopp) 

Eg likar å laga små enkle songregler ilag med borna, og ein del av desse eignar seg i grunn ikkje så grådig for publisering... Songreglene blir gjerne til midt oppi noko, gjerne som ei påminning, eller ei tulleregle, til borna (eller meg sjølv) som me syng opp att og opp att. Eg begynte nok med dette då eg var yngre, og sykla fram og tilbake mellom husa heime, med småsystrene mine bakpå. For å unngå at dei stakk beina inn i hjula, eller datt av, gaula me "Ut med beina, hold deg godt fast" på ein enkel melodi, heile vegen... Reknar med at foreldra mine vart ganske lei av å høyra denne regla, men me unngjekk i alle fall store skadar! 

Minstejenta mi slutta med bleier for ei god stund sidan, men har hatt ein del uhell i det siste, så då laga eg brått denne songen (til ein kjend melodi) i ein oppgitt augneblunk der eg vaska golvet for andre dag på rad (altså, eg vaska berre den delen av golvet som var tissa på, eg gadd ikkje vaska heile golvet, om nokon av vennane mine blei bekymra for at eg hadde tatt heilt av). Eg synest i grunn det var ein fengande song, i all sin enkelheit. Problemet mitt var at eg ikkje kunne gå og syngja så felt på den sånn offentleg. Var rett før eg song den høgt i kassakø på coopen, veit ikkje heilt kva blikk eg hadde fått då...

Men så kom eg på at songen kanskje kunne hjelpa fleire (med småborn i huset då, reknar med de har kontroll sjølv...), så heilt utan blygsel (liksom), hiv eg den ut her. No må eg nemna at eg ei stund har vore tilsett som trusopplærar i kyrkjene her (men har ikkje tenkt å bruka songen så mykje på jobb). Når eg seier yrkestittelen min til folk, høyrer minst halvparten TRUSE-opplærar. Og lurar sikkert grådig på kva det er. Tenkjer det må vera nokon som jobbar med bleieavvenning for småborn som hadde passa til tittelen truse-opplærar, og med dette diktet lever eg gjerne opp til denne alternative tittelen også? For ordens skuld: det er heilt med vilje at eg ikkje har skrive namnet mitt under dette utruleg djupe og kloke diktet. Om de lånar, ver så snill å IKKJE vis til meg som forfattar.....