onsdag 29. juni 2016

Sommarfuglen

med sprudlande latter, klart blikk
frekner på nasa og bustete hår
syngjande for full hals
bora du deg inn i hjarta våre
som ei herleg lita larve

så endra du deg sakte
ikkje alt fekk fram smilet ditt
sinnet derimot, låg lett latent
du laga deg ei maske utanpå huda
nett som du gjekk i dvale i puppa di

no ventar eg på at du skal bryta deg ut att
levande, fri, fargerik, modig
så sterk at du tør vera skjør
og flyga ut i verda med ærleg blikk
trygg på at me elskar deg

 © Kristin Straume Audestad

Det å vera småbornsmor er krevjande på sitt vis. Men når borna vert større og nærmar seg tenåringsalder, er det ikkje berre plankekjøring det heller. Brått kjem det ein naturleg skepsis til alt me som foreldre seier. Jammen... Ein har behov for å finna sin stad her i verda, og vert ofte ganske påverka av venane sine, meir enn av foreldra. Eg trur likevel det me som foreldre gjer, og har gjort tidlegare, framleis påverkar borna. Kanskje berre på ein annan måte enn tidlegare. Før gjorde kanskje borna det me sa. Når dei nærmar seg tenåra, gjer dei gjerne det motsette av det me seier. Så det gjeld å halda tunga beint i munnen.... 

Det er ein fase med sterke kjensler, og samstundes lukkar ein gjerne inne ein del av kjenslene for dei vaksne. Kanskje bortsett frå dei sinte kjenslene då. Men eg har eit håp om at denne fasen òg har ein ende, og trur samstundes det er ein viktig fase for at ein med tida kan verta vaksen og moden og ha meir innsikt i både seg sjølv og andre. Så spørs det om me som foreldre greier å sleppa taket, når tida er mogen for det. Nett det vil eg ikkje tenka på no. 

mandag 20. juni 2016

Naustsoga

Om alt er omskiftande, alt verkar laust
så veit du eg står her så trygt og så traust
med minne eg gøymer i bjelkane taust
for eg er eit grindverksbygd naust
Og her var det eingong eit yrande liv
folk lassa i båtar med sterkarma hiv
Om straumen var stri og om vinden var stiv
dei rodde med mot og med driv
 
Det hende i mellom at det vart for stritt
dei minna er ikkje så lett å bli kvitt
frå eg husa kroppar så kvite som kritt
då stakk det i nausthjartet mitt
Nei då er det betre å tenkja litt på
då fjorden var blankast og himmelen blå
og storlaksen slompa på veg heimefrå
På naustbakken slo dei med ljå
 
Og rundt meg vaks raude og saftige bær
som borna dei plukka, og fangsten var svær
Så dyppa dei leande ned sine tær
i fjorden som eg har så kjær
Ein kar kom frå gilja med båten sin full
av laks som var fjorden sitt finaste gull
Så bytte han klede, tok på busserull
og spela på fela ein sull
 
No står eg her einsam og prøver forstå
kvar det vart av alt som eg har fått sjå
Eg kjenner det inst i den mørkaste krå
at sjølv om eg står litt på skrå
så gøymer eg minne av viktig verdi
er vitne om ei forlengst bortkomen tid
Ja, set deg litt her og slepp tankane fri
så kviskrar eg naustsoga mi
 © Kristin Straume Audestad
 
Dette diktet var eigentleg meint som ein song i bursdagsgåve til broren min i fjor, men kom meg aldri til å laga melodi til det. Eg har tenkt mange gongar på kor spennande det hadde vore om gamle ting kunne fortelja historiane sine. Eg trur me kunne lært ein god del av dei, i så fall. Mistenker at folk hadde mykje dei same problema før i tida som no, berre i andre utgåver... Men dei levde på eit anna vis, og eg trur at dei på ein måte levde rikare enn me gjer i dag, for dei levde nærare kvarandre, nærare naturen, nærare liv og død, og meir utan filter. Sjølv om det var mykje ein ikkje snakka høgt om, som no er allment kjent og blir teke opp i media nesten dagleg, trur eg me likevel har mista noko anna på vegen. 
No ser me ofte det meste på ein eller annan skjerm før me møter det i det verkelege liv. Ein har kontakt med andre folk via skjermar. Ein får nesten ikkje augekontakt med folk rundt seg i det daglege, dei glor ned i mobilane sine. Eg er redd folk òg lyttar mindre til dei eldre enn dei gjorde før. For om ikkje gamle ting kan fortelja om "gamle dagar", så finst det ein god del eldre folk som gjerne fortel om korleis ting var før. Det er liksom avleggs å bry seg om dette, ting skiftar så fort, og ein prøver å henga med i svingane. Men gløymer å lytta til dei som har opplevd andre tider, og læra av dei.
Dette vart i grunn berre rotete, eg har visst mange tankar på ein gong, veit ikkje om alt stemmer ein gong... Men tjohei, det er sommar og mange har ferie! Kanskje de kan bruka litt av den til å besøka nokon eldre slektningar? Det er fint å visa at ein verdset også dei eldre.
Eg har forresten grubla ei stund på kva eg skal gjera med bloggen framover (den byrjar å bli gamal og utdatert den òg..). Føler eg nærmar meg eit vegskilje, og har lyst til å skriva andre tekstar og i andre format. Men har mange halvskrivne dikt eg skal prøva å ferdigstilla og hiva ut i løpet av sommaren/tidleg haust. Og så tenkjer eg at eg etterpå legg bloggen i dvale ein lengre periode, muligens for godt (utan å fjerna den frå nettet, då). Hiv gjerne ut eit dikt ein sjeldan gong om det dukkar opp noko som eg har lyst til å få ut, men ikkje noko elles. Det er no ikkje akkurat så mange som er innom her at eg trur det vert eit stort sakn for folk, men greitt å seia litt korleis eg tenkjer, for deko trufaste som er innom jamnleg :) Det nærmar seg 500 dikt på bloggen, så eg lurar jo på om eg skal bruka nokre av dei til noko, men veit ikkje heilt kva endå. Uansett må de ha fine sommardagar, og husk å slappa av! <3

søndag 12. juni 2016

Du er

eg trur
du er

mange fornektar deg
fortrengjer deg
trur ikkje

eg skjønar dei 
det er ikkje så lett
å tru på noko ein ikkje ser
og som kan verka så fjernt
når ein nesten ikkje kan tru
på det ein ser ein gong

men når eg ser
verkeleg ser
rundt meg

vårgrønt gras med doggdropar i
symjande fuglar i solblenk-bylgjer
bekken som klukkar seg sakte gjennom bjørkeskogen

då kjennest det rart
at tru at alt dette vart til
av eit smell i ingenting

og når eg høyrer trillande barnelatter
ser sølvglimtet i augene deira
og kjenner kjærleiken som strøymer mellom oss

 veit eg at det må vera noko meir
nokon som også er full av
kjærleik til oss

og eg trur
det er
du


(c) Kristin S. Audestad

Eg har i lengre tid skrive på eit innlegg om trua mi. Eg var oppteken av å få det så riktig og forståeleg som mogleg, forklara kvifor eg trur, kva som er grunnlaget for trua mi, og prøva å imøtekoma og gå inn på ulike motførestillingar som folk måtte ha mot kristendommen. Til slutt såg det meir ut som ein veldig (VELDIG) lang forsvarstale enn eit innlegg som var interessant å lesa.  Og så byrja eg å lura på kvifor eg følte så veldig for å forsvara trua mi. Eg opplever sjeldan personleg at nokon angrip meg på det området. Men når eg innimellom les artiklar i forhold til tru og religion, og ser kor unyansert negative ein del kommentarar er, blir eg litt skremt. Og så tenkjer eg at det sikkert er fleire som tenkjer slik («religion er rota til alt vondt» og så vidare), og synest det er veldig trist. Eg synest i grunn det kunne vore fokusert meir på alt det gode folk gjer som fylgje av trua si… (Ja, eg veit mange vonde ting har blitt gjort i kristendommen sitt namn. Av MENNESKE som har feila. Ikkje av Jesus.)

Eg veit jo at det er mange som ikkje er kristne, og ueinige i det eg trur på, og det forstår eg jo, sjølv om eg ikkje trur alle heilt veit kva det går i. Dei har gjerne møtt personar som kalla seg kristne, men ikkje oppførte seg noko fint. Det er synd at det skal vera slik, at menneske øydelegg for Gud. Føler i grunn også at det ikkje er heilt «akseptert» i alle kretsar å vera kristen i dag. Du er liksom passe naiv som trur at det finst noko meir enn det me kan sjå med eigne auge, og trur på det som står i ei hauggamal bok. Intellektuell er du i alle fall ikkje. (Er det forresten eit kvalitetsstempel å vera intellektuell? Er du betre enn andre menneske då?)  

Som den grublaren eg er, kan eg lova dykk at eg har tenkt mykje over det som står i Bibelen, og kva eg eigentleg trur på. Spesielt etter at eg fekk jobb i kyrkja som trusopplærar (nei, ikkje truse-opplærar), har eg måtta gått nokon rundar med meg sjølv, for å vita at eg kunne stå for det eg no som ein del av jobben min skal formidla vidare til borna. Tru og tvil høyrer saman. Og eg har tvila innimellom, av og til ofte. Eg har nokre ankepunkt som er vanskelege, for ikkje å seia umoglege, å finna ut av. Det er ikkje alt i Bibelen eg trur kan tolkast heilt bokstaveleg, blant anna. Og det er ikkje alt ein bør lesa utan bakgrunnskunnskap, ein bør vita litt om heilskapen, og få hjelp til å setja dei ulike delane av Bibelen i samanheng, før ein les. Få dei naudsynte "brillene" på. Eg avfeier ikkje vitskapen. Men trur heller ikkje den treng å stå i kontrast til det eg trur på, nødvendigvis. Noko av det vanskelegaste med å tru, er at du aldri sikkert får vita. Men Gudstrua gjev ein dimensjon til livet som ikkje noko anna klarar. Ein dimensjon eg trur me treng. Og som me søkjer etter, om me ikkje har den.

Eg har i alle fall landa på at det kjennest riktig, og viktig, for meg å tru på Gud, og på at Jesus er sonen hans. Dette har eg blant anna resonnert meg fram til ganske logisk – er det mogleg at alt dette vakre som me omgjev oss med, og den kjærleiken me ber med oss og har i oss har blitt til heilt av seg sjølv? Eg klarar ikkje skjøna at det er slik. Slik eg ser det, står det ein Skapar bak. Med stor kjærleik til oss. Sjølv om det skjer mykje vondt i verda, finst det òg kjærleik, midt i det vonde. Eg trur ikkje det er Gud som styrer alt som skjer, men eg trur Han er med oss når me treng Han.

 Men meir enn at eg har resonnert meg fram til det, er det noko eg kjenner på meg at er riktig. Når eg ber, blir eg rolig og trygg, og kjenner på meg at Gud er med meg. At Han er glad i meg, at Han vil meg vel, og er med både i motgang og medgang, om eg ynskjer det. At Han har ein plan for meg både for dette livet og for det som skjer etter eg er død. Og eg forstår at det i beste fall høyrest rart og sært ut om du ikkje trur på det. Men då håpar eg du i alle fall kan respektera at det er slik for meg.

Om me prøver å leva som Jesus gjorde, og det er jo eit viktig mål (som er plett umogleg å nå heilt), vil me gjera gode ting, visa kjærleik til menneske, og tilgje. Eg trur ikkje det medfører noko negativt med å streba etter å leva slik. Det er fleire fallgruver ein kan gå i som kristen, blant anna å laga seg «lover og reglar» som må fylgjast, og som viser kven som er «verdige» nok, eller «kristne nok». Dette er ikkje vegen å gå tenkjer eg, og medfører berre at ein kjenner seg mislykka når ein ikkje får det til, eller at ein skremmer andre vekk frå trua si. Eg høyrde ein pastor seia at han ikkje kalla seg kristen. Dette var fordi folk knytta så mange ulike eigenskapar til dette ordet, alt etter kven andre "kristne" dei hadde møtt, og han var ganske sikker på at ein del av desse eigenskapane ville han ikkje bli tillagt.  


Nei, no skal eg slutta før dette innlegget vert like langt som det opprinnelege (som er over dobbelt så langt…). Men eg har i alle fall funne ut, og kjent på meg, at eit liv som kristen er eit godt liv. Eit rikt liv, med fleire dimensjonar, og med kjærleik og omsorg og nærleik til menneske, og til Gud. Eg seier ikkje at det er eit enkelt og perfekt liv. Men det er ikkje eit liv som hindrar ein i å leva, det er eit liv som kan gjera ein fri. Om ein vågar å tru, og prøver å leva som Jesus gjorde. Og husk at det kan vera ein viss skilnad på å leva som Jesus gjorde, og som andre kristne gjer. For det er vanskeleg, og me vil alltid feila innimellom, sjølv om me prøver så godt me kan. Det som i alle fall er veldig greitt: om eg tek feil, og det ikkje finst noko meir enn det me sansar her på jorda, eller eit liv etter døden, vil eg sannsynlegvis aldri få vita det! ;)   

lørdag 11. juni 2016

ein blom er ikkje berre ein blom



ein blom er ikkje berre ein blom
det er yndige skogfiol
søte forglemmegei
mjuke raudkløver
livskraftige løvetann
nikkande blåklokker
vårglade hestehov
og mange fleire

eit tre er ikkje berre eit tre
det er spraglete bjørk
traust gråor
skjelvande osp
høgstrekt furu
duftande hegg
solide ask
og mange fleire

ein fugl er ikkje berre ein fugl
det er smettande raudstrupe
hoppande gråtrast
syngjande stare
masete måse
kjærkomen linerle
kjeftete skjor
og mange fleire

ein fisk er ikkje berre ein fisk
det er sprellande makrell
langsame lyr
spretne laks
skjeggete torsk
slimete ål
stimete sild
og mange fleire

natur er ikkje berre natur
men det veit du jo
så bruk namna
på det du ser
høyrer, luktar 
i naturen
bli kjend med det
og slik glad i det

© Kristin Straume Audestad

Mammo mi har alltid vore glad i naturen. Når me har vore ute, har ho vore nøye med å bruka dei rette namna på det me har sett og høyrt rundt oss. Me har vel sjeldan snakka om "fuglar", men mykje om blant andre linerla som me ventar på om våren, rugda som fyk si vande rute med hese skrik i skumringa, orren som spelar så me høyrer det heilt ned til garden, og den vesle gjerdesmetten me får eit glimt av innimellom. Når det gjeld blomar, likar mammo skogfiol aller best. Ho veit nokre halv-hemmelege stadar det veks liljekonvall, ho kikkar etter tepperota i stiane når det nermar seg sommar, og i ei skråning ser ho etter nattfiolen, som berre luktar godt om natta. 

Dette har nok smitta, for eg tek meg sjølv i å "namngje" mykje av det me ser og finn når eg er ute med borna. Eg trur det er viktig å kunna skilja mellom ulike artar, både når det gjeld plantar, fisk, fuglar, insekt og dyr. Då blir ein mykje meir observant, får eit blikk for detaljar, ser, høyrer, luktar naturen rundt seg, og set også meir pris på den. Det er i alle fall min teori... 

Skal ikkje lata som eg er nokon ekspert, men kan vel nok til at det skal vera mogleg å skildra mykje av dei vanlege artane me møter når me bevegar oss ute. Og så er det jo då ekstra spennande om me finn ein blom me ikkje heilt veit kva heiter, eller ser ein fugl på fuglebrettet som me ikkje har sett før! Kan den vera sjeldan? Ikkje fortvil om du ikkje har ei like naturinteressert mor som meg, og ikkje ein gong veit skilnaden på ein spurv og ei kjøtmeis. Men i så tilfelle synest eg det kan vera ein idè (les:på høg tid...) å prøva å læra litt meir i alle fall. Det er kjekt, spesielt når du har born med på tur! Ta med deg ei fuglebok, ei insektsbok og ei bok om sporteikn i naturen neste gong du går på tur. Evt. bruk google viss du treng plassen i sekken til mat og drikke... 

 Det kan forresten ha sine ulemper òg, å vera så interessert i det ein har rundt seg. Ein treningstur får kanskje ikkje same effekten når du stoppar for å leita etter skogfiolen der du veit den var i fjor, eller for å sjå om raudstrupen du pleier sjå, dukkar opp på same staden. Eller når du berre rett og slett må stå litt i ro og nyta synet av den vakre bjørkeskogen når morgondoggen kvilar i graset mellom trea medan morgonfuglane (obs obs: dette er ingen reell art...) syng for full strupe... Men drit i treninga nett då, eg trur det å sansa naturen slik gjer vel så godt for kropp og sjel som den der jogginga (det einaste eg sansar når eg joggar er blodsmak i kjeften). 

søndag 5. juni 2016

Alt som gjekk bra

ein augneblunk

og alt kunne vore
annleis

viss den bilen var litt tidlegare
eller eg litt seinare
kunne den digre smellen vore eit faktum

og guten som snubla på skogsstien
tenk om han snubla i ein annan stein
som den rett ved det vesle stupet?

eller barnevogna som brått trilla litt ut i vegen
fordi eg hadde gløymd bremsen i farten
tenk om det hadde kome ein trailer forbi nett då?

av og til skjer det fæle, tragiske ting
men me har òg lov til å vera takksame
for alt som gjekk bra

og kanskje læra noko av det

© Kristin Straume Audestad

Eg hadde ein skikkeleg ekkel episode i går, som i grunn var min eigen feil, og det gjorde den endå eklare. Eg skulle svinga ut frå eit kryss, der det var veldig dårleg sikt. Du ser eigentleg ikkje om det kjem bil før du er litt ute i vegen. Køyrde med vindaugene heilt nedrulla, og høyrde no ingen bil, så eg blinka meg mot venstre (heilt unødvendig når ingen såg det likevel) og køyrde ut. Der kom det sjølvsagt ein bil frå venstre, veldig nært. På refleks gassa eg på og svinga meg fort forbi han. Det gjekk fint. Men etterpå sat skrekken i kroppen. Hadde det gått litt annleis, hadde eg fått han med fronten rett inn i førarsida mi. Eg var skremt, og eg var flau. Eg sa unnskyld høgt mange gongar, til både den andre bilføraren som eg sikkert skremte vettet av (men naturlegvis ikkje høyrde meg, og sikkert framleis er sint på meg), og til dottera mi som sat baki, og òg kunne blitt eit uskuldig offer fordi eg var ubetenksom og ikkje seifa med å sleppa meg roleg fram til eg såg skikkeleg (sjølv om eg allereie då hadde vore litt uti vegen hadde eg nok kunna bremsa fort og bilen svinga unna meg). 

Dette var ein advarsel. Dette var noko eg skulle læra av. Eg kjem nok aldri til å gjera det der igjen. Unnskyld! Og så tenkjer eg at det sannsynlegvis skjer mange fleire slike advarsel-ulykker enn faktiske alvorlege ulykker. Men dei høyrer ein sjølvsagt ikkje så ofte om. Det er liksom ikkje så spennande å gå inn på ei nettavis og lesa om "Martin" som nesten kræsja. Eller "Nora" som nesten datt uti ein foss. Eller "Ali" som skulle ta selfie på togstasjonen og snubla når toget kom, men ramla på "rett side" av den gule tryggleiksstripa. Det hender jo innimellom ein høyrer om dei som unnslapp steinras og slikt då, men elles skjer det nok mange "småting" rundtom, som kunne blitt store og skumle om dei hende til ei litt anna tid, eller på ein annan stad. Det er jo ein viss forskjell på ulykker som kunne hendt pga. tilfeldigheiter, og ulykker som kunne hendt pga. feilvurderingar. Men ganske mange ulykker som faktisk skjer, er vel pga. ein kombinasjon av desse - evt. skjer dei IKKJE, som ein kombinasjon av desse.

 Når ein går inn på nettavisene les ein ofte mest om alt som har gått gale. Og det er forferdeleg, det er tragisk, og eg tenkjer alltid på dei pårørande etter dødsulykker, og korleis dei må ha det no.  Ber gjerne litt for dei. Men det er ikkje berre tragiske ting som skjer, heldigvis. Det skjer mykje godt òg, og mange gongar går det bra. Ein kan ikkje stenga seg inne i frykt for at det verste skal skje, for det verste skjer heldigvis ganske sjeldan. Som oftast går det bra. Og så kan ein vera glad for det, og kanskje læra noko av det, om ein eigentleg kunne ha handla annleis. Eg lærte i alle fall noko i går. 





onsdag 1. juni 2016

Vårkveld i skogen


No kjem eg att, forventningsfull
eg veit jo kva eg finn
Her på dei kjende stiane
sig roen atter inn

Og bjønnskjegget er nedtrakka
av fleire folk på leit
Dei søkjer vekk frå skjermane
som alt for mykje veit

Der under einerbuska veks
ein skogfiol seg stor
Eg stoppar stilt og tenkjer
at han òg var der i fjor

Eit varsamt drag stryk kjaken min
Det duftar framleis hegg
og fuktig mose, blåbærlyng
som kitlar mot min legg

Eg plukkar meg ei gauksyre
som smakar syrleg skog
Og tar ein sup av bekken
mens eg minnest han som drog

Så vidare, eg veit jo kva som
ventar rundt kvar sving
Men grantreet med sterke røter
røper ingenting

Og fuglesongen – fuglesongen!
den tar ikkje slutt
Svarttrasta og raudstrupen
syng saman i salutt

Så ruslar eg visst heimover
Dei ventar sikkert no
Men med meg tek eg heggeduft
og fuglesong og ro

Det beste er at sjølv om det
lir langt før eg kjem att
går ting sin gong i skogen
Vår og vinter, dag og natt

Nei, skogen treng slett ikkje meg
det er jo ganske klart
Men eg – ja eg treng skogen
det har eg støtt erfart

© Kristin Straume Audestad

Eg trur faktisk ikkje eg skriv meir eg, dette vart så langt at det sa i grunn det meste...