mandag 25. juli 2016

Du og eg

Her er me i dag, og me er her ilag
 og mellom oss veks det eit band
som knyt oss saman, for no er me eitt
som ektepar, kone og mann
Det er ikkje sjølvsagt å oppleva det
det har me nok begge forstått
Men hamna me fann i kvarandre er trygg
og saman så har me det godt

Du og eg har valt kvarandre
Du og eg skal dela stort og smått
Du og eg skal saman vandre
både når det glitrar og er grått

Det tok jo litt tid før me skjønte det heilt
nesten for godt te ver` sant
Var denne gnisten som fanst mellom oss
kjærleik me endeleg fant?
Me søkte i hjarta - for kjendest det rett?
Høyrde mi hand til i di?
Du såg meg, eg såg deg, og så var det lett
https://openclipart.org/image/2400px/svg_to_png/166676/plainheart.pngi armkroken din vil eg bli

Du og eg har valt kvarandre
Du og eg skal dela stort og smått
Du og eg skal saman vandre
både når det glitrar og er grått

Dei dagar som kjem veit me fint lite om
berre at dette er rett
Rundt oss så faldar naturen seg ut
ein sommarfugl landar så lett
Midt i ein epleblom duftande, skjør
over ei måltrast sitt reir
ber med seg lovnad frå Skaparen vår
om kjærleik, og styrke, og meir!

Du og eg har valt kvarandre
Du og eg skal dela stort og smått
Du og eg skal saman vandre
både når det glitrar og er grått

Du og eg har valt kvarandre!

© Kristin Straume Audestad

Kjærleik kan ein seia mykje om. Eg trur det er ein ganske stor fare for at eg har vore innom temaet før... Kjærleik kan gjera ein blind, og kjærleik kan gjera slik at ein endeleg ser. Mange relasjonar har element av kjærleik i seg, men den kjærleiken eg tenkjer på no, er kjærleiken mellom to som forelskar seg i kvarandre, og etter kvart elskar kvarandre. Sommarfuglar-i-magen-kjærleiken. Den trygge kjærleiken. Ofte er kjærleiken basert på sterke kjensler, som det er godt å kjenna på. Av og til litt vondt å kjenna på. Av og til kjem kjærleiken stormande, men eg trur minst like ofte den "listar seg innpå", spirar og blomstrar gjennom venskap, og fyrst gjer seg gjeldande etter ei stund. Kanskje gjennom gode blikk og lange klemmar, som etter kvart fører til leiande hender og prøvande kyss.  

Etter kvart som forholdet utviklar seg, vert det naturleg å ta eit val. Er dette noko å satsa på? Eller bør eg trekka meg ut før eg involverer meg for mykje? Har den andre like sterke kjensler som meg? Ser eg for meg at me kan skapa familie saman, verta gamle saman? Det er nok ikkje alltid svara står klart med ein gong. Og ein vil jo aldri vita heilt korleis framtida blir. Men eg trur det er viktig å prata saman om dette, finna ut kvar ein vil med forholdet. Og på eit eller anna tidspunkt ta valet. Anten: dette kjennest ikkje riktig ut, me avsluttar medan "leiken er god". Eller: Jess, me satsar!  Det er vel på dette tidspunktet ein del vel å forlova seg og gifta seg, og/eller få born ilag. Det kan vera skummelt å satsa. Ein veit jo ikkje korleis det blir. Kan det vera noko betre som ventar ein, om ein avsluttar dette? Grådig vanskelege spørsmål, men eg trur i grunn ikkje at det er slik at "graset er grønare på den andre sida". Og er ein usikker på om ein kjenner kvarandre godt nok, bruk tid og energi på å bli betre kjende, då vel!  

Når ein satsar, når ein "vel kvarandre", går altså ikkje resten av seg sjølv. Ein må jobba med eit forhold. Ein må vera klar over at det kjem til å gå opp og ned. Og at når den eine er i ein dal og har det vanskeleg, er det mogleg at det går ut over den andre. Ein bør vera villig til å ofra litt av sine "kjepphestar" og koma den andre i møte på midten, samstundes som ein ikkje må mista seg sjølv heilt. Gje og få. Snakka kvarandre opp. Støtta kvarandre.  Gjera feil, og bli tilgitt. Tilgje den andre når den feilar. Og læra av feila sine, så dei ikkje gjentek seg for ofte. (Dette er VANSKELEG - spesielt om de ikkje er einige om kva som eigentleg er rett og feil...) Og så bør ein vera klar over at om ein får born, blir det meste annleis... Annleis treng absolutt ikkje bety negativt. Men det vil vera ting som påverkar parforholdet, mest opplagt er vel det at ein får mindre åleinetid ilag som kjærestepar, og mindre kvalitetssøvn...

No høyrest eg muligens ut som ein sjølverklært kjærleiksekspert, og det er eg vel absolutt ikkje. Har nok gått i mange grøfter. Lært av det av og til, og av og til ikkje. Eg jobbar med å vera rausare. Om begge sit på kvar si tue og seier "du kan ikkje gjera det, for eg fekk ikkje lov til det", kjem ein ikkje så langt, og ofte hugsar ingen kven som eigentleg byrja... Det er mykje betre å unna kvarandre "goder" som åleinetid, fjellturar, vennetid, og så vidare, sjølv om det i travle kvardagar er lett å sjå kva ein heller ville den andre skulle gjort. Det er noko med at slike ting GJEV ein energi til å ta fatt på oppgåver ein kanskje heller ikkje ville orka, viss ein går "oppi det" heile dagen. 

Og så er det viktig å få åleinetid ilag som par. Kvalitetstid. Det treng ikkje vera vanskelegare enn å sjå ein film ilag på tv etter at borna søv. Laga seg noko god mat attåt. Men det er jo også fint å koma seg ut av dørene ilag. Me har vore i to bryllup på litt over ei veke no, og eg merkar at berre det har gjort meg i det meir romantiske hjørnet. Det er kjekt å sjå når to vel kvarandre, og eg unnar dei det så veldig! Det er godt å vera to. Åleine er ein nok meir sårbar. Samstundes som ein slepp å jenka seg i forhold til eit anna menneske. Men det å jenka seg og tilpassa seg kvarandre, trur eg i grunn berre er sunt, om det skjer på ein gjensidig måte.

For øvrig var dei to bryllaupa veldig kjekke samankomstar der me feira to flotte brudepar!! Det eine brudeparet fekk diktet over i gåve (pluss noko litt meir handfast). Systera mi har laga ein fin melodi til det, eg legg den ut etter kvart når ho har tid å spela den inn. Eg veit det ikkje er gitt at alle finn seg nokon å leva livet saman med. Og eg trur ikkje det er eit poeng at ein skal setja all innsats på å leita etter nokon, om ein er åleine. Ein kan leva gode, fine liv som singel òg, dei fleste har jo familie og vener å vera med! Men eg er no litt Kristin giftekniv likevel då, for eg trur det gjer godt å ha nokon å elska på "kjærastemåten", som elskar ein sjølv tilbake, akkurat slik ein er. Og at det finst nokon der ute for alle, om ein tør opna opp for moglegheita. Det er alltid ein sjans for å bli såra. Men det er også ein sjans for å finna det ein ikkje turte håpa på - ein kjærast å dela livet med! Kanskje det til og med er nokon du kjenner, som du berre ikkje har fått augene opp for endå?

søndag 3. juli 2016

Sånt e venna te

(mel: That`s what friends are for)

hei du
da e lenge sio me  
har prata djupt og drukke te
men eg trur fortsatt at me e
ganske trygge på kverandre

du veit
ka so røre seg i meg
og eg trur eg kjenne deg
so godt at når me endeleg  
e åleina uten andre

kan smila, kan kvila
veta at me vil kverandre godt, og le
sånt e venna te!
og grina og skina
opna oss og vera slek me e
sånt e venna te!

for eg
kan kje alltid slappa av
da e so grådig mange krav
og mykje stress og mas og kav
da e ikkje alt eg greie

og du
har òg mångt du vil ha gjort
viss verden snurre litt for fort
so veit du kor du finn min port
og so kan me, slek me pleie

få smila, få kvila
veta at me vil kverandre godt, og le
sånt e venna te!
og grina og skina
opna oss og vera slek me e
sånt e venna te! 

© Kristin Straume Audestad

Eg har vel sagt det før òg, at eg trur eigentleg ikkje eg er noko god venninne. I alle fall ikkje om målet på det er at ein har ofte kontakt. Eg er ikkje flink til å "fylgja opp" og "oppretthalda" venskap på det reint fysiske planet, med jamnlege treff og/eller hyppig teksting/snapping/facing/instagramming osv. Det er liksom så mykje som føregår i heimen når ein har mann og tre born (og hus og hage og jobb) at kvalitetstid med venninner dett litt i bakevja, som noko ein tek som ein bonus viss ein får det til. Men eg håpar at venninnene mine (eg trur faktisk eg har nokon til trass for det eg nett har sagt) veit at eg er der for dei viss dei treng meg. Sjølv om eg heller ikkje er så god til telefonpratar... Eller så flink til å svara på meldingar. Det slo meg no at dette ikkje framstår som noko god søknad om nye venninner, men det har eg vel eigentleg ikkje tid til likevel, når eg knapt klarar å halda kontakten med dei eg har. (Her føler eg at det er på sin plass å skyta inn at det sjølvsagt er kjekt å etablera nye venskap, men at desse då ikkje kan belaga seg på å sjå meg så ofte...)  

Eg huskar at me song "That`s what friends are for" i skulekoret på ungdomsskulen (me gjorde det, sant?), så det er ein song eg har gode minne frå. I kveld vart eg sitjande og spela den på piano, sikkert mest pga eg prøvde å prokastrinera (utsetja) husarbeidet, men det gjorde i alle fall at eg vart grublande litt på dette. Og ville laga min eigen versjon av songen. Det vart på dialekt, sidan eg følte det vart mest ekte for meg. Det er trass alt dei inste, ærlege kjenslene det handlar om. Godt å vita at sjølv om eg ser dei fleste venninnene mine sjeldan (har ei venninne til nabo, så ho er vanskeleg å unngå, heldigvis :) ), så føler eg at eg kan vera meg sjølv når eg er saman med dei. Me ser kvarandre, aksepterer kvarandre. Det er godt å vera ilag med nokon utan kjensla av å bli vurdert. Då sluttar eg å vurdera meg sjølv også, og det trengs. 

(Som småperfeksjonistisk norsklærar er eg nøydd til å seia at eg veit eg manglar ørten tødlar (slike: ` ) på alle dialektorda, men eg orka rett og slett ikkje skriva dei. Kan jo skulda på at det vart for mykje "støy" i teksten òg, om det er ei meir godteken forklaring. Og så lurar eg litt på om "sånt e venna te" får for lite fram innhaldet (det skal ho bety "det er det venar er til for"), kanskje det heller burde stått "sånt har me venna te", eller noko liknande. Jaja, kunstnerisk fridom er til for å brukast!)