tirsdag 30. august 2016

Til mi vesle store jente

det er greitt at du ikkje blir
den eg kanskje inst inne
prøver å få deg til å bli

så lenge du heller ikkje
blir den som nokon andre
vil ha deg til å bli

lytt, sjå, kjenn, smak, lukt
les, skriv, mal, gå, tenk
og gjer opp di eiga meining

finn ut kven du er
og vær deg sjølv
godt nok

men vær så snill
møt andre menneske
med eit smil og respekt

 og gløym aldri
det viktigaste:
at du er elska

© Kristin Straume Audestad

Som foreldre vil ein det beste for borna sine. Og det beste er ofte det ein hugsar og kjenner som godt og fint frå sin eigen barndom og sitt eige liv. Eg har for eksempel hatt glede av å spela piano. Jenta mi spelte nokre år, men så vart det nok. Eg måtte etter kvart la ho slutta med pianoundervisning, men det var med litt tungt hjarte, for eg er ganske sikker på at ho etter kvart hadde "kome over kneika" og funne glede i å spela igjen. Og det kunne ha vore fint for ho å hatt musikken å "flykta inn i" som avkopling frå dei hektiske kvardagane me lever i. Men, eg kunne ikkje tvinga ho til å halda fram lenger (eg hadde i grunn tvingt ho ei stund før eg innsåg det). 

Me foreldre kan gjerne vegleia borna våre. Me kan fortelja dei kva me meiner er rett og godt, og prøva å visa, med ord og handlingar, korleis me synest ein skal vera og kva ein bør gjera og ikkje gjera. (Av og til er me skrekkeksempel som dårlege foreldre, men det er jo berre for å visa kor bale det er, så ikkje dei oppfører seg slik som store? ;) ) Uansett, me kan ikkje tvinga borna våre inn på same veg som oss. Dei skal gå sin eigen veg. Og kanskje går dei saman med oss, kanskje tar dei nokre avstikkarar og kjem tilbake, eller kanskje går dei ein heilt annan veg. 

Det siste kan nok vera sårt. Men det er uansett ikkje opp til oss. Eg trur det beste me kan gjera som foreldre til dei store, nesten vaksne borna, er å vera tålmodige. Og rause. Og stabile, trygge på det me meiner er rett, samtidig opne for å lytta til kva borna (som etter kvart er vaksne) tenkjer. Aldri avvisande. Men innrømma eigne feil, i staden for å gå til angrep på det me synest er andre sine feil. Varsamt antyda ein retning, når dei mistar sporet, og treng hjelp. Og visa borna at dei er elska. Alltid og uansett. Sjølv om ein ikkje alltid er einige, og sjølv om ein kan vera ganske sikre på at ein sjølv har rett, bør ein respektera kvarandre. Diskutera sakleg. Og av og til vera einige om å vera uenige, men at det ikkje betyr at ein treng unngå kvarandre for det. 

Og jadå, eg gjer alle feila sjølv. Men håpar eg etter kvart klarar å gjera meir og meir det rette. Og innrømma når eg feilar... Elles: eg har ikkje betalt for domenet diktfordagen.com vidare, så no er bloggen på diktfordagen.blogspot.com. Eg trappar ned her, og vurderer å legga ned bloggen, men tek det litt på langs. :) 

mandag 22. august 2016

For seint

eg mislikar sterkt å koma for seint
eg brukar uttrykket «mislikar sterkt»
fordi far min alltid har sagt
at me ikkje skal bruka ordet hatar.
han har forresten òg sagt
at me ikkje skal bruka ordet alltid.
sidan det særs sjeldan stemmer
sorry, pappa

eg er altså ikkje glad i å koma for seint
når eg veit eg er sein, blir eg kald på nevane
men svett på halsen
eg kjeftar på ungane og mannen
(fordi eg eigentleg er sint på meg sjølv)
eg riv ned glas som knuser
(fordi eg skal skunda meg)

eg kan stundom droppa ting eg skal
fordi eg er sein likevel
og ikkje orkar å møta dømmande
(eg føler i alle fall dei er det)
«no kom du for seint igjen-blikk»

likevel er eg alltid for sein
altså, ganske ofte for sein i alle fall
(rodde meg inn att der, pappa?)
kanskje det er sjølvplageri?

 og så gløymer eg ting
to bursdagsbesøk har eg blant anna gløymd
eg mislikar sterkt å gløyma ting òg
av og til tenkjer eg på desse bursdagsborna
og så seier eg «søren òg» - ganske høgt
andre lurar sikkert på kva som nett hende, om dei høyrer det
men eg gidd ikkje forklara at eg var irritert
på grunn av noko som IKKJE hende – for fleire år sidan

det eg eigentleg mislikar, trur eg, er å vera til bryderi for nokon
det hadde ikkje gjort meg noko å vera usynleg
floge på veggen, eller noko slikt
ingen forventningar til meg, heller ingen som vart skuffa
men kanskje kjedeleg i lengda

det er vel mine eigne forventningar som er problemet
på ei side forventar eg, ynskjer eg, å lukkast med alt mogleg
på ei anna side veit eg at det har eg aldri klart før
(«aldri» er i grunn òg fy-fy, men her stemmer det)
så eg forventar òg at eg mislukkast
dårleg kombinasjon

kanskje difor eg veldig ofte kjem for seint
for eg trur liksom at eg må det
det er greia mi
kva skjer om eg er tidleg ute?
då kan jo alt skje?

Kristin 


Sånn for å sei det med ein gong: eg rekk stort sett jobben min... Men elles er eg ofte nett litt etter skjema. Trur ikkje eg skriv så mykje meir under her, diktet var jo så omfattande. Veit ikkje om det kan kallast eit dikt ein gong eg. Men viss eg seier det er det, så er det det vel? Er vel slik med kunst? 

Eg er i alle fall flink med å plaga meg sjølv med det eg ikkje får til, og så trur eg kanskje djupt inni meg at det må vera slik. At det er slik eg er. Ein treiging. Dårleg på multitasking er eg jo, og det er jo det livet består av når ein er småbornsmor. Mange ballar i lufta på ein gong, og vanskeleg å få til alt eg ynskjer. Jaja, det er vel kanskje håp for meg òg... Berre eg høyrer på meg sjølv når eg prøver å ta tak i det eg vil ha endra på!

lørdag 13. august 2016

Hekta

vakne tidlig, sole skin!
denne dagen vert jo fin!
kikke ut og ser ei svala
vakkert stiga, sio dala
nett i dag kan allting skje
eg har håp i augene
fjellet lokke, vil meg by
opp te dans for å bli ny

men eg veit at rotet vente
øvealt og opp i mente
alle flata fulle av
leika, fat, inkassokrav
ikkje betre utafø
kjenne at eg går i frø
av tanken på alt eg sku gjort
luka, rydda, smått og stort

ingen andre har da sånn
naboen har ikkje tonn
av ting so flyt i ståvo si
kanskje daffø han e blid
men i dag ska eg ta tak
gje meg eit solid spark bak
har jo prøvd da før, men NO
blir da lite sitt-i-ro

legg ein plan i håve mitt
huset ska bli rotefritt
ting ska hyvast, seljast, BRENNAST
og når stjerne atter tennast
lukta huset friskt og reint
alle stola står heilt beint
støvet har fått vika plass
for grønsåpa i mitt palass

oj, dar vakna ungane
ein og to, og jammen: tre!
må ha drikka, skjevemat
leite ette reine fat
planen min e alt på hell
rekk eg alt te da blir kveld?
skyv da vekk, og set meg ned
ser på tv, brette kle

og so må eg sjekka nett
snap og face, da e jo greitt…
tima går, da gjer eg òg
frå rom te rom, i ryddetog
med ei og anna avsporing
dar skjermen rope på min fing
og ungane på ny treng mat
og mammakos og mammaprat

mannen min han e på vift
og hjelpe ein med bremseskift
mens eg i huset rydderåne
finversdagen ute gråne
skulle dittn skulle dattn
           skulle visst ha mata kattn  (te naboen)
har so mykje ant å gjera
klara ikkje fokusera

krafsa fram frå lommo att
han so eig meg dag og natt
trykke drevent inn på face
før eg innser: alt gjekk skeis
på grunn av denne trykkedriten
eg blir hekta, rastlaus, liten
om eg vil få tinga gjort
må eg leggja den heilt bort

© Kristin Straume Audestad

Eg overdriv vel ein smule, men eg har hatt nokre dagar som liknar på denne. Og eg håpar ikkje det er gjenkjennande for så mange, men tippar det er fleire som sjekkar mobilen sin ofte (sjølv om dei sannsynlegvis har det ryddigare enn meg). Eg er blitt meir og meir klar over korleis mobilen gong på gong øydelegg fokuset mitt. Likar eigentleg å jobba litt sånn i skippartak, og gjera ting grundig og intenst, i staden for å gjera litt og litt over ein lang periode. Men den mobil-dingsen gjer jo slik at eg gløymer kva eg heldt på med frå eit klikk til neste, slik at eg begynner på noko nytt ganske ofte, i staden for å gjera ferdig det eg heldt på med. Når eg driv med husvask til dømes, kan eg byrja med å spraya med jif på doen og vasken, før eg går på soverommet og nett puttar noko klede i klesskapet, og så trykkjer eg litt på mobilen, og så går eg på kjøkkenet og puttar inn i oppvaskmaskina, og så trykkjer eg litt igjen, og så vaskar eg glaskarmane, og så må eg kanskje på do og der er sprayen tørka og blitt til små prikke-flekkar som eg må spraya på nytt, men framleis kan det enda med at eg går vekk og gløymer det ein gong til, før eg hugsar at eg måtte på do, og endeleg gjer meg ferdig med reingjeringa... Nett der...

Dette er absolutt ikkje noko eg er stolt av, og de som ikkje er slik har lov til å rista på hovudet av meg, og godta deko litt fordi de er mykje fornuftigare enn meg. Men eg har grunn til å tru at eg ikkje er den einaste, og eg trur mobilen etter kvart blir ei slags "verkelegheitsflukt" ("røyndomsflukt" på godt uforståeleg nynorsk) frå alt ein eigentleg burde gjort. Så kjem ein inn i ein vond sirkel der det er meir og meir enn burde gjort, og lettare og lettare å trykkja på mobilen i staden for å ta tak i det. Det går jo sjølvsagt ut over dei ein bur i hus med, og ungane har fått lov til å gøyma mobilen min fleire gongar, når eg har innsett at eg igjen har blitt sitjande. Vil tippa det har litt med personlegdomen å gjera, kor stor tendens ein har til å bli hekta på/avhengig av ting. I så fall har eg sikkert ein bra tendens til det, og det er vel ein av grunnane til at det er like greitt eg aldri har smakt alkohol. Men eg har i alle fall innsett at eg sjekkar mobilen for ofte, og det er vel fyrste fase av eit endringsarbeid - i alle fall når eg ser det er eit problem? Dei med rusproblem kan jo til dømes vera med i Anonyme Alkoholikere for å få kontroll på livet sitt igjen. Lurar på korleis det er med oss mobilavhengige - finst det noko tilsvarande? Tause Tvangstrykkjarar? De som kjenner kallet til å vera med og starta gruppa får gje meg ein lyd! (Ein viss fare for at det dukkar opp nokon som av avhengige av å gå på do òg då, med det namnet, men på den andre sida: kven er ikkje det?) 

Så er det rotet då. Herlighet. Eg har mast om det mange gongar. Eg har skrive dikt om det mange gongar. Eg har TIL OG MED prøvd å rydda det mange gongar. Men det er visst framleis her. Så eg har skjønt at det ikkje er noko veg utanom: me lyt kasta ting/gje ting vekk til gjenbruk for å få betre oppbevaringsplass, og slik at alle ting har sin plass og sin funksjon i huset. Og innføra gode rutiner. Det tok meg berre tolv år å innsjå det. Og det tar vel kanskje tolv år til før mannen min innser det, men det er jo mogleg det har "forsvunne" ein del i huset før den tid.... Nei, altså, han er på glid mannen òg, sånn kastemessig, så det er nok håp for oss. Viss eg klarar å leggja vekk mobilen lenge nok til å ta ein tur til Fretex då. Eg har forresten prøvd før med mobilparkering i gongen, men det funka heller dårleg. No er eg nøydd til å prøva igjen på eit vis, og det handlar vel eigentleg om at eg må ta eit val. Bestemma meg for kven som skal ha styringa her. Og øva opp konsentrasjonen igjen, slik at eg får fokus og gjer ferdig det eg byrjar på, i staden for å ha mange halvferdige prosjekt både i huset og i hovudet mitt. Det burde vel vera mogleg? For andre tvangstrykkjarar kan eg tilrå boka "Operasjon Sjølvdisiplin" av Agnes Ravatn, ho får verkeleg sagt det, og kjem med gode (både forskingsbaserte og sjølvtesta) råd for å ta tilbake kontrollen ein føler ein har tapt forlengst.

fredag 5. august 2016

Mykje på lager

Eg surrar litt innimellom
det er så mykje som ligg lagra i meg
Vonde, Gode, Såre Minne
tett i tett inni meg

Nokre minne er lagra i hendene
Når eg stryk over eit stoff
eller det renn iskaldt vatn
over fingrane mine
ploppar dei fram som det var i går

Den nye kjolen eg hadde på
då eg møtte han som no er borte
Den kalde elva me henta vatn i
som småborn

Andre minne er lagra i nasa
Dufta av syriner får fram hagebesøka
og for lengst avlidne grandtanter
med store forkle
og gode fang å sitja i

I øyrene ligg både gode og vonde minne lagra
Sirenelydar får meg alltid til å støkka til
tenkja på han, og då han for
Medan lydane av babylatter
får fram dei lysaste augneblunkane
frå lenge, lenge sidan

Er det rart eg rotar litt
med dagar eller namn
og ikkje hugsar kva eg gjorde i går
når kroppen min er stappfull
av årgangsminne?

© Kristin Straume Audestad

Når ein snakkar med ein del eldre folk, kan ein merka at dei surrar litt. Dei forvekslar kanskje namn, eller blandar vekedagane saman. Men spør du dei om gamle dagar, klårnar augene til, og spennande historiar/augneblunkar kjem som perler på ei snor. Det kan nok vera litt flautt for ein del av dei eldre å merka at dei surrar litt med notida, men eg tenkjer det ikkje er løye at ting går litt om ein annan, så mykje dei har opplevd, så mange dagar som har passert!

Sjølv om dei kanskje har gløymt navnet til den som kjem innom, set dei stort sett alltid pris på besøk. Og spør du om gamle dagar, kan du få vita mykje spennande! Levd liv skal ein ikkje kimsa av, der er det mykje lærdom å få... sjølv om me helst likar å gjera alle feilane sjølv ;) Og ein dag er det kanskje me som sit der og surrar, og tenkjer på gamle dagar med Pokemon-jakt, facebook og så vidare....