søndag 25. desember 2016

Mamma

Eg ser ned på deg, og du ser opp på meg
med auge som glitrar, du er nydeleg
og inni meg veks det eit godskummelt ord
for endeleg : Eg er blitt MOR

Mamma, ja det er mitt nye namn
eg håpar å vera ei varm og trygg hamn
ei fyrlykt, eit vegskilt, og ei som går med
så ingenting vondt nokon gong vil deg skje

Eg veit det vert tøft, for kvar natt og kvar dag
ligg ansvaret der, og du legg jo beslag
på tankar og draumar, og ofte mitt fang
krev trøyst, gjerne kos, og ofte ein sang

Men kjærleiken overgår alt som er stritt
ein streng mellom hjarte, frå mitt og til ditt
frå strengen så lyder det hjartemusikk
så vakkert når blikk møter blikk

Med åra så skjønar eg sakte at eg
slett ikkje alltid kan verna om deg
ting kan jo skje, som eg ikkje rår med
men eg prøver å visa kor elska du e`

For fort vert du større, og eg må forstå
at eg ikkje alltid ved sida kan gå
alt er ikkje lenger kun opp til meg
du krev at eg stille skal lytta til deg

Så ynskjer du fridom, dreg røtene opp
og faldar deg ut frå din heimtrygge knopp
Eg står her tilbake og undrar slik på
kvar tida vart av, eg kan ikkje forstå

Eg ventar, eg lengtar, og kvar dag eg ber
om at du går trygt, ingen vonde ting skjer
og så ein dag står du på trappa igjen
med nye erfaringar, og med ein venn

Eg ser på deg grundig, ser at du forstår
kvifor stemma mi verkar litt ullen og sår
og brått i eit glimt når du smiler til meg
så ser eg meg sjølv der ein stad inni deg

Det var ei forgjeves, all song og all trøyst
du ber det med deg, min klem og mi røyst
og om du ein gong syng for dine om litt
kling røysta mi med, inni hovudet ditt

Kristin Straume Audestad

Dette skreiv eg tidlegare i desember, og fann ut at i dag var ein fin dag å publisera det på. Eg tenkjer på ho som vart mor for fyrste gong for over 2000 år sidan. Ho hadde nok ein del andre (og mange fleire) utfordringar enn mødre har i dag, men samstundes var ho ei mamma. Og det å vera ei mamma har noko universelt ved seg, ei mammakjensle som ofte kjem instinktivt når ein held eit nyfødd born i armane sine og veit det er ein sjølv som har ansvaret for dette bornet. 

Kjensla er både på godt og på vondt. Ein kjenner på ei ny form for redsle når ein er mor (eller far, for den saks skuld, men eg skriv i eit morsperspektiv fordi det er det eg har fyrstehands kjennskap til...). Ei redsle som kan verta altoppslukande og lammande om noko skjer. Ein har så lyst til å ha kontrollen, men så må ein etter kvart innsjå at det ikkje heilt er mogleg. Det skjer ting som ein ikkje har styring med. Ein må ta dei forholdsreglane ein kan (bruka bilbelte, bruka hjelm osv.), men så må ein òg gje litt slepp. Borna må få vera born. Og dei må få lov til å verta vaksne. Så ein må berre gjera sitt beste for å utrusta dei for dette, og samstundes visa kor glad ein er i dei heile vegen. 

Då er eg inne på den gode delen av mammakjensla. For det er ein slik sterk, ubetinga kjærleik involvert. Både den kjærleiken ein kjenner på berre ein ser på bornet (og som kan kjennast borte under lange kolikk-anfall og slikt, men den er der altså , heile tida!), og den kjærleiken ein kjenner frå barnet. Barnet stolar på ein, livet til barnet ligg i mora og faren sine hender. Og etter kvart som barnet blir større, blir denne kjærleiken til foreldra meir og meir tydeleg. Om ein har ein dårleg dag, har prestert under pari og kjenner seg som eit null, er dette revnande likegyldig for barnet. Det elskar ein sterkt, uansett. Slike dagar er det beste som finst å få gode klemmar av nokon små (eller store) som ein veit elskar ein, uansett.

Ein er ofte redd for å feila som mor. Det er så mange fallgruver å gå i, og media er flinke til å presentera dei fleste. Sjølv om ein veit kva ein bør gjera, er det ikkje alltid ein har tid eller overskot til å gjera det rette. Men så kjem jo òg mødre (og born!) i mange ulike utgåver, og det som er rett/fungerer for ei mor, treng ikkje nødvendigvis fungera for ei anna. Noko av det viktigaste er i alle fall at barnet kjenner seg elska. At det kan ha den tryggleiken med seg oppover, og også som vaksen, at nokon elskar ein uansett. Så er det ulike måtar å visa det på, men uansett korleis ein viser det, skadar det heller ikkje å seia det. Ofte og inderleg, høgt og lavt. Ropa det etter dei når dei er på veg ut dørene, eller kviskra det i øyret under ein godnattklem.  Det kan ikkje vera feil! 

Når borna så er blitt store, vert dei garantert ikkje nett slik ein såg for seg. Det må ein nok førebu seg på, vera klar over. Men annleis er ikkje det same som dårlegare. Ein lurar nok på kor mykje som sit igjen frå barndommen. Det er kanskje ikkje så tydeleg den fyrste tida, men etter kvart som dei vert eldre, trur eg nok ein vil sjå at ein ikkje har "tala for døve øyre". At dei hyppige klemmane gjer at dei òg klemmer sine eigne ofte. At songane du song for dei, no vert sunge for dine borneborn.