onsdag 25. januar 2017

Kjærleik

Om du er glad i nokon
så trykk dei ikkje ned
still ikkje store, steile krav
men lytt og prat og le
gje rom for alle kjensler
og prøv å aksepter`
om andre ser på verda
litt annleis enn du gjer

Me har i oss ein lengsel
me treng å høyra til
men det er aldri sunt
å berre gjer` det andre vil
finn heller kjærleg ut av
kor mykje du kan gje
av tida di, og hjartet
utan at du mistar det

Eg er meg, og du er deg
og saman er me eitt
om kjærleiken skal veksa
kan me ikkje stå for tett
då får me ikkje pusta
mistar sikt og perspektiv
ein usunn symbiose
og to litt for snevre liv

Det er nok heller ikkje sunt
å stå for langt i frå
då rekkjer ikkje handa bort
mitt auge kan `kje sjå
når du treng støtte, trøyst og hjelp
ein bit av hjartet mitt
og du vil ikkje skjøna
når eg treng å låna ditt

Det er kje kjekt å oppdaga
at ein har handla feil
i redsla for å mista
vart ein sakte mindre heil
men merkar ein det tidsnok
er det ikkje heilt for seint
til å vatna kjærleiken
slik som det er meint

Kjærleik veks i omsorg
og i lun og trygg aksept
den strekkjer seg mot varme smil
som mørket før har drept
Kjærleik ligg i det å gje
kvarandre trua på
at begge to er gode nok
la røtene få slå

Det `kje berre kjensler
men vilje, og eit val
ein vel å vera saman
og ikkje illojal
mot det som kjennest viktig
for deg, men òg for meg
og saman veksa, blomstra
med kvart vårt gode preg

Kristin Straume Audestad

Eg les for tida ei bok om kjærleik. Den er over femti år, men eg føler den uansett er ganske aktuell. For fenomenet kjærleik (om det kan kallast det) endrar seg vel ikkje så mykje, sjølv om samfunnsutviklinga har vore kraftig i dette tidsrommet. Kjærleik er ikkje akkurat noko som går ut på dato! Heldigvis. Det står mykje klokt i den boka, blant anna at ekte kjærleik handlar om å gje uselvisk. Gje tid, gje trøyst, gje nærleik, gje det ein merkar at den andre treng. Men ein skal ikkje gje heile seg, eller så mykje at ein heile tida går på akkord med seg sjølv. Fordi dette bør jo vera gjensidig, og vera avhengig av at den andre òg gjev.

Noko av det viktigaste i eit kjærleiksforhold, meiner forfattaren og filosofen Fromm (i boka "Om kjærligheten), handlar om at det innad i dette er rom for å vera seg sjølv. At ein er akseptert slik ein er, og kan utvikla seg sjølv vidare og møter forståing, utan å heile tida måtta korrigera seg fordi den andre meiner ein skal gjera ting annleis. Dette er enklare skrive enn gjort. For det er mykje lettare å sjå kva ein meiner den andre burde gjort annleis, enn kva ein sjølv bør gjera annleis... Nokre forhold er ikkje sunne, men eg har tru på at om begge er villige til å få hjelp, og vil øva seg på å møta kvarandre sine behov på ein sunn måte, er det håp!

Eg synest det er spennande å lesa om kjærleik og relasjonar, og kva andre meiner om det. Ein annan ting Fromm skreiv, var at me menneske har i oss ei lengt etter å forstå det meste. Me ynskjer å forstå "gåta menneske", og oss sjølve, og freistar å gjera dette i møtet med andre menneske. Men Fromm meiner at me får det betre om me skjønar og aksepterer at det ikkje er alt ein kan forstå og setja ord på. Men at ein gjennom det ordlause møtet mellom to som elskar kvarandre, kan oppleva kva det eigentleg dreiar seg om. Eg trur i alle fall det var noko slikt han meinte. Det er i alle fall godt å kjenna seg elska, og å elska nokon! (Men eg synest i grunn det er godt å prøva å setja ord på ting likevel, eg då....)

(Jadå, eg la ned bloggen, men skreiv vel òg at eg kom til å leggja ut innimellom likevel, viss det no var noko som dukka opp og ville ut som eit dikt. Beklagar til dei som føler seg lurt :P )