Boka mi



I november 2011 kom diktsamlinga "Dikt for dagen" ut, basert på dikt eg fyrst har publisert her på bloggen. Boka inneheld 40 varierte dikt både i forhold til tema og form, triste og muntre, henta frå heile bloggeperioden min.

Ho er også illustrert (svart-kvitt) med bilete eg har teke. Eg håpar at boka inneheld dikt som kan vere gode for andre å lesa, anten ved at ein kjenner seg at i tekstane, ler litt, eller får hjelp til bearbeiding i ein sorgprosess.

Boka kostar 198,- og er blant anna lett å få kjøpt på nett hjå Bokklubben / Bokkilden (på tilbod!),  Norli, Haugen bok, ord.no, Balzam og forlaget Publica, og elles foreløpig hjå lokale forhandlarar som Coop Vaksdal, Coop Dale, Coop Stamnes, Vaksdal Autoservice, Libris Vossevangen og Libris Arna.

Det skal også vere mogleg å få bestilt ho i kva bokhandel som helst, berre du veit tittel og forfattar! :)

1 kommentar:

  1. Høyrde eg på radioen i dag - spanande... Gler meg til å lesa meire.
    Eg er omlag i same gate. Mi bok kom i 2001: Herlege sekund med Ingalis.

    SvarSlett