Diktskrivetips

Leitar du etter skrivehjelp for konfirmasjonssongar (evt. andre songar til festlege lag) kan du kanskje lesa dette innlegget fyrst?

Her skal eg presentera nokon tips til deg som har lyst å skriva dikt sjølv. Anten det er til ei skuleoppgåve, for moro skuld, for å få ut kjensler, eller ein tekst du vil gje til nokon andre. For du anar ikkje kor glade folk kan bli om dei får eit par linjer i verseform eller på rim, som du har skrive spesielt til dei! Og eg har fått tilbakemelding frå fleire som har lese bloggen min, og prøvd å skriva dikt sjølv. Dei synest faktisk det er gøy ;) Det greie er at dikt er ein tekst som kan vera så kort eller lang du vil, så det treng ikkje ta lang tid i det heile å fiksa eit bursdagsdikt når du berre har prøvd nokon gongar! Mange dikt tar sjølvsagt lenger tid å skriva, men du bestemmer sjølv kor mykje arbeid du legg i det:)

Må påpeika at desse tipsa kun er basert på eigen erfaring frå "Dikt for dagen"-bloggen, og ikkje henta frå lærebøker eller andre kjelder. Høgst subjektivt med andre ord, men kanskje det kan hjelpa likevel? Lenkjene i botnen er sider som har hjulpe meg gjennom skriveprosessane og utviklinga mot å forhåpentlegvis verta det eg kallar ein kvardagspoet.

Det vil kanskje vera dei som meiner dette blir for platt og enkelt, at å skriva dikt er ein stor kunst og krev mykje arbeid. Men det må no vera betre at folk les og skriv kvardagsdikt enn at dei ikkje bryr seg om dikt i det heile? Så opnar kanskje kvardagsdikta dørene til å forstå og skriva dei meir poetiske og metaforiske etter kvart, om dei vil.

Å koma i gong med å skriva ulike typar dikt

Ofte er det verste å koma i gong med eit dikt. Difor viar eg eit langt punkt til dette. Du kan starta på fleire måtar. Det avheng litt av kva form og formål diktet har. For eg tek utgangspunkt i at alle har eit mål med det når dei set seg ned og skriv dikt. Verkemiddel som rim/rytme og figurdikt skriv eg litt om etterpå. Men fyrst deler eg dikta inn i ulike typar etter formål, og skriv litt om korleis ein kan koma i gong. Eg brukar eksempel frå eigne dikt for å underbyggja/visa kva eg meiner.

Sjølvsagt finst det mange fleire måtar enn dette, du gjer ingenting feil om du ikkje nyttar nokon av tipsa mine, men skriv dikt på din heilt eigne måte:)

Diktet med forhåndsbestemt tema

Det typiske skulediktet dette. Eller konkurransediktet. Eller kanskje du har noko viktig du har tenkt på, som du vil formidla til andre i diktform? Då kan det vera litt lurt å skriva nokon stikkord fyrst, om kva du vil ha med. Vil du skriva om temaet ved fortelja ei lita historie, kan det ofte vera lurt å starta rett på. Eg ville skriva om det forhatte "bygdedyret" (bygdeprat og rykter), og det å vera uføretrygda. For sjuk til å jobba, men gjerne for frisk til å sitja inne heile tida! Då vart det slik. Eg såg for meg nokon, og formidla ei lita historie som folk kunne kjenna seg att i.

Av og til kan det vera vel så lurt å bruka få ord for å få fram temaet. Kanskje fleire har høyrt om han skulle skriva valgfri tekst om mot då han hadde eksamen i norsk? Det einaste han skreiv var "Dette er mot." Trur han fekk seksar, forresten... Ein annan gong eg ville skriva dikt om bygdedyret, gjorde eg det difor slik.

Diktet til nokon du kjenner, i ei spesiell anledning (Bursdagsdikt og slikt)

Dette kan vera mange ulike dikt. Kanskje du vil senda ein trøyste-sms til nokon som treng det, med eit lite dikt du har skrive sjølv? Eller skriva ein hyllest i diktform på eit bursdagskort? Utruleg kor glad folk blir for å lesa setningar og linjer som er dikta spesielt for dei! Her stiller ein ikkje store krav til rettskriving, rim og rytme, det er innhaldet som tel! Start gjerne dette også med å skriva stikkord om kva du vil ha med (positive ord, ting som er spesielle for den du skriv til, interne ting osv), og begynn diktet med gratulasjonen, så let du berre godorda koma som perler på ei snor. Folk blir ofte ekstra imponert om linjene rimar, og eg skriv meir om rim og rytme lenger nede på sida. Her er eit bursdagsdikt eg laga til venen min "Jan":)

Diktet om dei innerste kjenslene

Prøver du å få ut noko vondt eller vanskeleg (eller godt for den saks skyld!) du kjenner på, vil eg anbefala å skriva det fyrste som fell deg inn som kan beskriva det du kjenner inni deg. Er det heilt mørkt inne der, kan du til dømes skriva: SVART. Er det tomt, skriv du nett det. Så kan du kanskje halda fram med å beskriva det svarte eller det tomme. Beksvart, svart som sot. Eller kanskje mascara-sørgjerender?  Og i det tomme, kva er det tomt for? Skriv det som fell deg inn, så er det lettare å ordna på seinare, om du ser noko som kan vera annleis. Ofte er det lettast å skrive ut det vonde utan å hengja seg mykje opp i rim og rytme. Synest kjensledikta oftast blir best når orda får flyta fritt saman, og pausane nesten er like viktige som orda. Her er eit slikt eit som eg skreiv ein gong.

Diktet om noko du har opplevd/
ei stemning du vil framheva

Av og til kan ein ha opplevd noko som verkeleg traff ein. Enten ei rystande vond hending, eller noko spesielt godt. Då ville eg ha brukt ei stund på å tenkja tilbake på hendinga utan å skriva noko. Tenkja på kva ein gjorde, kva andre gjorde. Er det nokon luktar/lydar/kjensler du hugsar spesielt godt? Nokon ting som står fram som viktige? Konsentrer deg om dette når du så set deg ned og byrjar å formulera noko. Du kan gjerne vera rett på sak. "Skriket fyrst. Så den dumpe skjelvinga i bakken." Gjennom å formidla det du sansa, gjenskapar du stemninga du var i den gongen. Både for deg sjølv, og for dei som les. Finn gjerne ein metafor som kan hjelpa deg å formidla dette. I diktet "Januar 2010", skriv eg om ein periode som har laga djupe spor i meg og familien min. Her brukar eg "tusen sommarfuglar i magen" som metafor for det gode som hendte, og "møllesteinen som gneg tungt", som metafor for det tøffe som hendte.

Diktet om ein ting eller eit dyr

Kanskje det er ein ting du har eit sterkt forhold til, og vil skriva nokon ord om? Eller eit dyr? Eller noko anna i naturen? Eit tips kan vera å tenkja frå tingen/diktet sin synsvinkel. Kva ser/opplever tingen/dyret? Her kan du skriva både vemodig eller muntert alt etter kva som fell deg inn. Eller du kan tenkja på kva du forbind med tingen. Minne om tingen/dyret, og kva du gjorde med den/det, eller noko du kan samanlikna det med. Kanskje du har eit bilete av det du vil skriva om, som kan hjelpa deg på veg, og fungera som illustrasjon til diktet? Eg traff ein liten seig krabat i vegen ein dag, tok eit bilete, og vart inspirert til å skriva tre dikt om denne forhatte skapnaden, frå hans synsvinkel. Det blei vel av den muntre sorten, du les dei og ser biletet her.

Verkemiddel

 

Å dikta med rim og rytme

For mange trur eg at dikt er einsbetydande med rim og rytme. Det er sjølvsagt ikkje slik, men det blir ofte eit verkemiddel, blant anna for at diktet skal vera lett og medrivande å lesa og hugsa, og stundom for å framheva enkeltord.

Det er mange måtar du kan bruka når du diktar på rim. Det lettaste er å la to og to linjer etter kvarandre rima.  Litt meir avansert er du om du har vers på fire linjer, der annakvar linje rimar på kvarandre. Som her. Ein limerick har fast struktur, som du ser her. Eller du kan gjera det på heilt dine eigne måtar. Du høyrer ofte sjølv om det fungerer når du les det høgt for deg sjølv eller nokon andre.

Utfordringa er ofte å finna ord som rimar. Eg vil anbefala sida rimord.com, der du kan skriva inn ordet du treng rimord til, og få opp ord som rimar. Om ikkje du finn nokon som høver, kan du omformulera setninga slik at eit anna ord kjem til slutt, og sjå om du finn eit høveleg rimord til det. Prøv å unngå ord som berre nesten rimar, det skal fint vere mogleg å finna "ekte" rimord om du berre prøver litt meir, eller omformulerer.

Når det gjeld rytmen i dikta, er det lurt at linjene har lik rytme. Eg gjekk meg ein tur/ og vart ikkje sur. Unngå helst at ein må dra ut enkeltord eller sei nokon ord veldig fort, for at det skal passa. Det gjer det bale med høgtlesing og slikt, og kan forvirra lesaren og ta vekk fokus frå teksten. Eg skriv meir om rim og rytme i dette innlegget, logisk nok må du bla ned til overskriftene "rim" og "rytme".


Figurdikt

Eg tok ikkje dette med under dei ulike typane dikt, fordi det er meir eit verkemiddel enn ein type dikt, meiner eg. Du kan nytta figurdikt som verkemiddel i dikt med mange ulike formål. Nokon gongar veldig konkret, som eg gjer i dette diktet om hjartet mitt, då det blir naturleg å forma diktet som eit hjarte. Av og til kan eit figurdikt nyttast til å visa ei rørsle, t.d. diktet mitt om edderkoppen, der eg såg for meg det ekle krypet koma dinglande nedover frå taket. Så dei øverste orda danna taket, medan dei neste danna tråden, og ordet "min" feita eg opp, så det skulle sjå ut som det hang ein edderkopp der. Er ikkje sikkert på om alle forsto akkurat det, men dei skjønte no kva eg ville fram til, trur eg;)

Andre døme på ulike typar figurdikt er "Trøysteteppet" og "Livet ved E16", og i sistnemnde har eg forklart litt kva eg tenkjer med utforminga. Det enklaste figurdiktet er det som er symmetrisk, med symmetrilinja i midten. T.d. ei flaske, eit juletre eller noko slikt. Då kan du ta midtstill tekst, og så byrja å skriva. Vert linjene for korte/lange, prøver du å omformulera dei. Bruk synonym eller alternative språklege bilete som får fram det du meiner. Er ikkje så ofte ein ser dikt med både rim/rytme og figurdikt som verkemiddel, blir ofte ein av delane.

Humor

Humor er også eit verkemiddel. Du kan bruka humor for å understreka poenget ditt, eller berre for at du vil at lesaren skal få seg ein god latter. Ein måte å bruka humor på, er å spela på det lesaren kan gjenkjenna hjå deg sjølv. Det prøvde eg på i dette diktet, der eg viser korleis ein vanleg dag som småbarnsmor/husmor kan arta seg. Ein annan måte er å sjå ting frå ein ny vinkel. Slik eg gjer i dikta om brunsneglane.

Når du skriv muntre dikt i vers, som eg gjer i fyrste eksempel, kan det vera lurt å koma med gode poeng spesielt på slutten av kvart vers. Skriv gjerne ned på førehand nokon punkt som kan vera morsomme, og lag eit vers for kvart punkt. Ein del av det å skriva humoristisk handlar også om å overdriva poenga dine. Det har eg gjort i stor grad i dette husmordiktet. (Nei, eg fann faktisk inga bestemor då eg rydda under sofaputene....) Ironi er ein anna måte å få fram humor på.

Poesi

Ja, det var den poesien då... Poesi handlar om at ein ikkje skal seia alt. Ein del av diktet blir til i samspel med den som les, og dess opnare diktet er, dess meir kan lesaren "samhandla" med diktet. Trur det er litt av teorien rundt det med poesien. Dei underfundige, mystiske, eller kanskje litt tvetydige elementa som vekkjer nye tankar og tvingar lesaren til å tenkja over tema. Og så vidare. Eg har laga eit dikt om den poesien her.

Eg er jo med på dette, men synest at om dikta blir for svevande og uutgrunnelege, kan dei føra til at lesaren berre avvisar diktet fordi han ikkje forstår kva det handlar om. Så det gjeld å finna ein balansegong. Ikkje sei alt, men sei nok til at det går an å få noko ut av diktet uansett. Du treng ikkje skriva at nokon gret, men kanskje noko om raude auge eller salte striper på kjakane? Dette avheng sjølvsagt litt av kven du skriv for også. Kanskje du skriv for born? Eller mest for deg sjølv og dei som kjenner deg? Det påverkar også kor mykje du lar vera opent i diktet, og kan tenkja deg at lesaren funderer over/finn ut sjølv.

Kunstnarisk fridom

Du treng ikkje binda saman orda i dikta på same måten som du gjer når du skriv setningar. Du kan bruka store og små bokstavar som du vil, etter kva som passar deg. Når du diktar, kan ingen bestemma at du har gjort noko feil. Høyrt om kunstnarisk fridom? Når du diktar, er DU kunstnaren. Andre kan nok foreslå endringar som du vil sjå vil fungere bra. Men det er du som vel om du vil gjennomføra dei. Ein kan ikkje ein gong klaga på gramatikken alltid, for det kan også vera eit verkemiddel å skriva orda feil.

Lure lenkjer
Naudrimordboka - no med både nynorsk- og bokmålsord! Skriv inn ordet du treng rimord til, vel målform, og søk! Men husk å nett lytt om det stemmer før du brukar alternativet, av og til kan lista lura deg litt i forhold til at orda har trykk på ulike stadar, sjølv om endinga ser lik ut på papiret.

Språkrådet si side der du finn mange bokmålsord "oversett" til nynorsk! Bokmålsorda står alfabetisk i ei liste, saman med alternative nynorskord. T.d. står det nynorske ordet åtvaring i staden for advarsel. Greitt for dei som vil skriva på nynorsk, men er vant til mange bokmålsord.

Diktkammeret er ei side der kven som helst kan publisera dikta sine, og få tilbakemelding frå andre som likar å skriva dikt. Poeten Helge Torvund er der fast, og kommenterer utvalde dikt.

Dikt.no er litt det same, men meir som eit bibliotek der tekstane folk har lagt ut ligg lista opp etter sjanger og tema. Det er opent for kommentarar der også.

Forlagsliv er ei samling med bloggar frå forlaget Cappelen, der ein blir betre kjend med korleis eit forlag jobbar, og kva som skal til for å kunna senda inn manus og evt. få gjeve ut bøker. Interessant for dei med ein forfattar i magen!

Meiner du eg bør skriva noko annleis? Har du eigne skrivetips, eller lure lenkjer å dela? Skriv det gjerne inn i kommentarfeltet under:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar