Om bloggen og litt om meg

Hovudføremålet mitt med bloggen er å setja ord på tankar og inntrykk eg opplever i kvardagen, og gjerne gjera det på ein måte som kan hjelpa andre. Enten med å le, gråta eller tenkja nye tankar om vande ting. Det gjer heller ingenting om nokon finn ut at dei faktisk likar dikt av å lesa bloggen min, eller om andre finn ut at nynorsk ikkje er så verst likevel...

Eg har alltid likt å skriva dikt, det er noko med det å jobba med rim og rytme, og formulera seg på spissen, som fengjer meg. Men eg har ikkje brukt dikt som middel til å få ut kjensler og tankar før eg laga denne bloggen. Den vart til i ein periode då eg hadde mange tankar som trengde sorterast, og samtidig eit behov for å utvikla meg på eit område og kjenna meg nyttig for nokon. Diktsjangeren er fin fordi den gjer det mogleg å bli ferdig med ein tekst utan å sitja heile kvelden med den. 

No veit eg at mange fnys og skundar seg vekk berre dei høyrer ordet dikt. Trur det kan ha med "skuledikta" å gjera. Gjerne forelda, vanskelege tekstar. Eller berre uforståelege. Eg veit sjølv kor frustrerande det kan vera å lesa ein tekst som andre skryt opp i skyene som nytenkjande og intelligent, medan eg sjølv ikkje skjønar det spor, og synest det ser ut som diktaren berre har sett saman tilfeldige ord på ein ulogisk måte. Har lært meg å lika desse også, og forstått at det ikkje er alt ein skal forstå. Det er visst det som er poesien i det heile.

Likevel: når eg sjølv skriv, vil eg at flest mogleg er med på kva eg tenkjer, og ikkje sit som spørjeteikn etterpå, men heller tenkjer vidare rundt det diktet handlar om. Eg vil helst skriva dikt som er gode for andre å lesa. Trøystedikt eller muntre dikt. Kvardagshistoriar og kvardagstankar som folk kjenner seg att i, men kanskje ikkje har sett formulert skriftleg på den måten før.

Eg har brukt ei stund på å tørra å stå fram med fullt namn. Kvidd meg litt for eventuelle negative reaksjonar og bygdeprat. Ikkje at eg gjer noko gale, men de veit korleis det er... Har uansett endeleg funne ut; lat dei i så fall snakka, så snakkar dei ikkje om andre den stunda i alle fall;)

Og så må eg tilføya; eg innbiller meg ikkje at eg er ein superflink poet eller skribent. Det er ein grunn til at eg kallar diktinga mi for kvardagspoesi! Gje gjerne ein lyd om kva du tenkjer om dikt eller om bloggen min. Eg tålar fint kritikk, berre den er konstruktiv...